Aktuell idrettskonferanse

I morgon er det duka for den årlege Telemarkskonferansen der temaet er ”Talentutvikling i barneidrett”. 3. års-studentane på idrett, administrasjon og leiing ved Høgskolen i Telemark er arrangør. Dei har fått med seg ei rekkje spennande foredragshaldarar og håper på høg temperatur.

to studenter foran banneret til Telemarkskonferansen
ikon zoom

I morgon er det klart for Telemarkskonferansen ved studiested Bø. Stig Axelsen (t.v) og økonomiansvarlig Stian Lillevåje gler seg og oppfordrar folk til å møte opp.

Studentane i idrett og administrasjon har arrangert konferansen sidan 1997. I år er det 19 studentar som står bak og Stig Axelsen er leiar for konferansen.

- Vi starta planlegginga i september og har jobba som eit ”team” både med sponsorar, marknadsføring og kontakt med foredragshaldarar. Det har vore ein lang prosess. Har vi hatt problem så har vi måtta løyse dei sjølv. Lærarane har vore sparringspartnerar, men dei har ikkje teke avgjerder på våre vegner og det er eg glad for, fortel Axelsen.

Opptakskrav for 6- åringar
Konferansen tek opp eit høgst aktuelt tema; Korleis skal ein forhalde seg til talentutvikling i barneidrett? Foredragshaldarane kjem både frå Den Norske Opera & Ballett som har opptaksprøver for 6- åringar, og frå Norges Idrettsforbund som har eigne reglar for barneidrett.

Tidlegare HiT- student Andreas Jenssen har skrive ei mastoppgåve om spelarutvikling og talentidentifisering. Han jobbar i dag i Lillestrøm Sportsklubb og vil leggje fram fotballtrenarane sine synspunkt.

Opent for alle
100 deltakarar har meldt seg på konferansen. Men det er fullt mogeleg for andre interesserte å stikke innom for å høyre eit foredrag eller fleire. Lunsjen er berre for dei som har meldt seg på.

På ettermiddagen blir det ein paneldebatt der fem av foredragshaldarane stiller.
- Eg gleder meg til å høyre foredraga, men er også veldig spent på debatten. Det hadde vore moro om det blei litt temperatur, fortel Axelsen.

Ansvarlig for nettsiden Ingvild Gjone Sildnes - 21.03.2012