Bok om livet til balladesongarane

Torsdag 5. januar presenterer professor Olav Solberg ved Høgskolen i Telemark boka som han og avdøde Bengt R. Johnsson har skrevet om balladsongarane i Telemark på 1800-talet.

To mennesker som sitter på gresset
ikon zoom

Balladesongarane var fattige husmannsfolk. Dette er Liv Nirisdotter Bratterud (1826-1892) frå Bø, saman med Moltke Moe som skreiv opp eventyr og viser etter Liv (Foto: Halvor H. Skogen på slutten av 1870-åra).

Da folkeminnesamlarane kom til Telemark på 1800-talet, vart dei slegne av den rike vise- og songtradisjonen. Dei gamle mellomaldervisene, slike som Draumkvedet, Villemann og Magnhild og Olav Liljekrans, var framleis i hevd i telemarksbygdene, sjølv om tradisjonen var på hell.

- Men det var så som så med interessa for songarane som for det meste var fattige husmannsfolk. Og samlarane hadde dårleg tid og brydde seg sjeldan om å spørje songarane ut om livet deira og om tradisjonen dei bar fram, fortel Solberg.

450 balladesongar
På denne bakgrunnen er Bengt R. Jonssons og Olav Solbergs ”Vil du meg lyde” Balladsångare i Telemark på 1800-talet eit eineståande verk.

Boka inneheld livsskildringar av om lag 450 balladesongarar frå Telemark på 1800-talet: storsongarar med eit omfattande og imponerande balladerepertoar, såvel som meir ordinære tradisjonsberarar. Dei levde i ei brytningstid der gammalt stod mot nytt; eksempelvis emigrerte Maren Olsdotter Ramskeid (f. 1817) til Amerika i 1852: Maren som song den beste forma av Draumkvedet, for folkemusikkutgjevaren Landstad.

Ein murstein på 700 sider
Boka er eit grunnlagsarbeid for repertoarstudiar av den norske balladen og av tradisjonsutviklinga på 1800-talet. Den set songarane i sentrum og dokumenterer kva rolle slektstradisjon og geografiske tilhøve spela. Vidare er boka eit viktig bidrag til kultur-, slekts- og lokalhistorie, og den er interessant og underhaldande, med mange klipp frå munnleg ”omkringstoff” frå tradisjonen. Boka er illustrert med kart, og ikkje minst med eldre og nye foto av stader, miljø og menneske.

”Vil du meg lyde”. Balladsångare i Telemark på 1800-talet er ei bok på nærmare 700 sider, skriven dels på svensk og dels på norsk.

Song ved Veslemøy Solberg
Torsdag 5. januar blir det bokslepp kl. 18.00 på Høgskolen i Telemark – Bø, rom 1-112. Olav Solberg fortel om boka, og dottera Veslemøy Solberg og pianist Sven Ohrvik gir musikalske smakebitar.

Ansvarlig for nettsiden Ingvild Gjone Sildnes - 04.01.2012