Fekk jobb på Karrieredagen

46 utstillarar stod klare til å ta imot studentane som deltok på årets Karrieredag. For Tony Lefsaker blei det eit hyggjeleg gjensyn. I fjor avslutta han ingeniørstudia ved Høgskolen i Telemark og i år jobbar han med å rekruttere HiT- studentar til Backegruppen.

stand på karrieredagen
ikon zoom

Tony Lefsaker (t.v.) var byggstudent ved HiT i fjor, men rekrutterte ingeniør-studentar til Backegruppen i år. Her i hyggjeleg passiar med ingeniørstudent Daniel Aas.

Tony Lefsaker avslutta ein bachelor i bygg, y-vei ved HiT våren 2011. I dag var han tilbake igjen.

- Eg hadde med meg fleire CV'er som eg delte ut på Karrieredagen i fjor, og Backegruppen stod høgt på lista. Eg ringde dei eit par gonger etter Karrieredagen for å høyre korleis eg låg an, og tilslutta blei eg innkalla på intervju, fortel Lefsaker. Og då var det gjort. I dag jobbar han som kalkulatør i entreprenørkonsernet. Han reknar på tilbod og følgjer opp større byggjeprosjekt for Våle bygg som er eit av selskapa i Backegruppen.

46 verksemder
Av høgskulen sine 6170 studentar er det ca. 1500 studentar som avsluttar gradsstudiane sine våren 2012. Dei fordeler seg slik; ca. 1250 på lågare nivå (bacholor, faglærer og lærer) og ca. 250 på høgare masternivå.

tre personer foran en stand på karrieredagen
ikon zoom

HiT- student Rune Andersen (midten) går siste året på Informatikk og automatisering og kan godt tenkje seg å jobbe i Goodtech. Glenn Neerås (t.v) kan godt tenkje seg å studere til ingeniør og stakk derfor innom Karrieredagen ved HiT.

- Dette er femte året vi arrangerer ein Karrieredag som denne, og vi er svært tilfreds med den aukande oppslutninga frå arbeidslivet. I år er 46 verksemder frå offentleg og privat sektor til stades, sa rektor Kristian Bogen da han åpna Karrieredagen. Han oppfordra studentane til å bruke dagen godt for Karrieredagen er ei god investering i ein framtidig karriere.

Ein som nytta seg av høvet var bachelorstudent på Informatikk og automatisering, Rune Andersen.

- Eg er her for å søkje nettverk og sjå på jobbmoglegheiter. Eg har sikta meg ut nokre på førehand og Goodtech er ein av dei, men eg er heller ikkje framand for å ta ein mastergrad, seier Andersen. Goodtech var også ute etter ingeniørar og Andersen fekk med seg ei oversikt over kva han kunne søkje på.

Is-smeltar
Skiensfirmaet EFD Induction har vore til stades på Karrieredagen tidlegare, og stilte med eige show der dei gav ein oppvisning i induktiv oppvarming. Den fungerte også som ein "ice breaker" og gjorde det enklare for studentane å spørje og ta kontakt. EDF har hovudkontor i Skien kor dei i dag har 130 tilsette, men dei har 800 tilsette på verdsbasis.

- Vi rekrutterer folk med og utan ingeniørerfaring. Mange av våre tilsett kjem frå Høgskolen i Telemark, fortel salgssjef Terje Solgaard.

Mylder av mennesker på Karrieredagen
ikon zoom

Til tider var det nokså trongt om plassen på Karrieredagen. Her frå standen til Skien kommune og Sykehuset Telemark.

Studentane hjalp til
I tillegg til representantar frå dei store internasjonale olje- og gass selskapa så vel som mindre selskap frå underleverandørindustri og prosjektering, så var Porsgrunn- og Skien kommune, Sykehuset Telemark og Norsk Sykepleierforbund til stades.

8 til 10 HiT - studentar stilte som "bakkemannskap" og hjelpte verksemdene med å rigge til stands og fekk tak i utstyr dei trengde undervegs.

- Eg har allereie fiksa meg jobb, såg eg tenkte at eg kunne vere med å hjelpe til, seier ingeniørstudent Hans Kristian Godell.

Ansvarlig for nettsiden Ingvild Gjone Sildnes - 08.02.2012