Team Me til VIKO

Rundt femti studentar var samla på Kjellern i Bø da VIKO-programmet vert presentert torsdag kveld. Den største gobiten var kanskje Spellemannsvinnerne "Team Me", som spelar i opningshelga 18. februar.

Bilde av VIKO-styret
ikon zoom

Revystyret kan være stolte av årets VIKO-program. Fra venstre: Sonja Gjesdal, Peder Tøsse, Caroline Haugen Roås, Karl Andre Stenevik, David Varnvatn, Tonje katrine Håndstad og Tormod Kleiveland. Dèlir Taher og Pål Knutsen var ikke tilstede da bildet ble tatt.

VIKO har vorte eit fast arrangement i Bø. I ein hel uke samlast studentane til ulike aktivitetar.

Revyen Gatelangs - Bø by night
Revyen startar som vanleg VIKO-uka. Fredag 17. februar tek revyen oss med Gatelangs - som er revyens tittel. Revysjef Karl Andre Stenevik har med seg over 20 studentar som jobbar på og bak scenen. Det er dobbelt så mange som i fjor - og revyen skal difor verte dobbelt så morosam. Revysjefen er fornøgd med å ha funne ein god raud tråd med blanding av aktuelle tema frå både bygd og skole i revy-, song- og dansenummera.

Dyktig bookingjobb
At VIKO booket Team Me lenge før dei fekk Spellemannsprisen for beste popgruppe er dei svært fornøgd med. Andre konsertoppleveingar vi kan sjå fram til under VIKO er:

  • Espen Haugdal Mosdøl, URØRT-artist fra 2011
  • Annbjørg Lien,
  • Casio Kids og
  • Megaphonic Thrift.

I tillegg får vi alltid mange fine musikkinnslag under Intim Intern - VIKO si avart av Norske Talenter - kor studentar og fastbuande framfør ulike innslag og konkurrerar om heider og ære og ein oppvarmingsjobb på Kroa.

VIKO ut til folket
Nytt og spennande av året er at VIKO arrangerer små gratiskonserter rundt omkring i Bø. Både på Roxy, på Bø-senteret, på Nabo'n og på sjukeheimen vil VIKO arrangere små konserter med ulike artister. Det gler dei seg til - for VIKO er til for alle - ikke bare for studentane.

Faste poster
I tillegg til konserter og revy er det alltid mange faste arrangement under VIKO: plaskekonkurranse, ta sjansen, spillkveld, temafest, volleyball-natt-turnering og vinkveld.

VIKO avsluttast med ein roleg filmkveld sundag 26. februar.

Ansvarlig for nettsiden Helle Friis Knutzen - 20.01.2012