Logo Høgskolen i Telemark

Friske sprang i tradisjonens gang

Helga 6.- 8. juni markerer studentane ved studiestad Rauland avslutning av studieåret med mannekengoppvisning, konsertar og utstillingar.

Plakat av programmet til årsavslutninga på Rauland.
ikon zoom

Friske sprang i tradisjonens gang er namnet på ei mannekengframsyning av dei sjeldne i fjellbygda Rauland. Mannekengane er studentar ved Institutt for folkekultur ved Høgskolen i Telemark.

- Dei pyntar seg, ber, skuvar eller på anna vis viser fram klede, smykke, skrin, øskjer og anna som studentane måtte ha laga etter eitt eller to år ved studiet. Nokre arbeid held seg taktfast innanfor tradisjonens gang, andre gjer dristige sprang ut i eit moderne formspråk, fortel student og presseansvarlig Birgit Wasrud.

Konsertar
På fredagen kan du høyre Daniel Sandén Warg og Per Anders Buen Garnås i samspel. Dei spelar mellom anna i tradisjonen etter spelemennene Knut J.Heddi (1857-1938) og Knut Dahle (1834-1921). I desse dagar gjev dei ut ein CD tileigna ”dei to Knut’ane”.

Laurdag entrar 15 folkemusikkstudentar musikkscena. Dei har studert folkemusikk i eitt år, og skal syne kva dei er gode for. Med erfaring frå tidlegare år, kan dei love ein konsert med overraskingar, spenstige soloprestasjonar og vakkert samspel.

Utstilling
Arbeida til masterstudentane er det knytt særskild spenning til. Vivian Grieg Teisner har hatt eit kritisk, men kjærleg blikk på rosemåling.. Ni liv er den mangetydige tittelen på Ragnhild Svaland si masteroppgåve om gjenbruk av gamalt draktmateriale. Jarle Hugstmyr og Jørn Bohlmann har jakta på gløymde handverksprosessar. Funna frå masteroppgåvene kan ein studere og la seg inspirere av heile helga.

Utstillinga til Helga Fahre Bergland bør ein også få med seg. Ho er utdanna bunadstilverkar, og har spesialisert seg på bunadsutstyr som band, belte og skjorte.

Ansvarlig for nettsiden Ingvild Gjone Sildnes - 04.06.2008



Skrevet ut fra: http://www.hit.no/HiT/Om-HiT/Nyhetsarkiv/2008/Friske-sprang-i-tradisjonens-gang