Institutt for folkekultur (IF)
Institutt for folkekultur ligg i Rauland i Vinje kommune. Instituttet har om lag 100 studentar og 20 fast tilsette. Instituttet har spesialisert seg på utdanningstilbod i folkemusikk og tradisjonsbasert design og handverk innan tre, metall og tekstil (folkekunst).
| Studia innan tre, metall og tekstil har ein utøvande profil, og det er lagt opp til at studentane kan arbeide mykje på dei ulike verkstadane. Folkekunsten, både handverksteknikkar, materialkunnskap og estetikk, er kjelder for studentane i arbeidet ved studiet. | |||
| Folkemusikkstudia har også ein utøvande profil. Studentane får individuell undervisning av lærarar som sjølve er aktive folkemusikkutøvarar. Ein kan få undervisning i song, fele, hardingfele, munnharpe, torader, fløyte, ulike strengeinstrument mm. Undervisninga i samspel gjer at ein får erfaring i å spele saman med andre, noko som kan nyttast i konsertrepertoar. Instituttet har gode øvingslokaler og eige lydstudio som studentane kan nytte til eigne produksjonar. | |||
|
|||
| Studia i Rauland har ein utøvande profil. Studia passar difor for studentar som ynskjer å bli gode utøvarar innan folkemusikk eller studentar som ynskjer å skaffe seg kompetanse innan design og handverk. Du vil få eit godt grunnlag for å skape deg ei karriere i ei av desse retningane. Mange av våre tidlegare studentar er i dag etablerte utøvarar som markerer seg i norsk kunst- og kulturliv. | |||
| Instituttet har eit omfattande internasjonalt nettverk som studentane blir ein del av, gjennom festivalar, konferansar, konsertar og utstillingar. Det er mogleg å ta delar av eit bachelorstudium i utlandet. | |||
Se film fra Høgskolen i Telemark i Rauland:
Studentarbeid
Andre lenker
Kontaktinformasjon
Postadresse: 3864 Rauland
Telefon: 35 95 29 00
Telefaks: 35 95 29 01
E-post: rauland@hit.no
Våre studier/Our study programmes
Tilsette
