Biogass av grisemøkk
Høgskolen i Telemark har fått 340 000 kroner frå jordbrukets klimaprogram til utvikling av ny biogassteknologi. Det kan føre til at investeringskostnadane ved etablering av biogassanlegg blir reduserte.
Teknologien som nå blir testa ut på husdyrgjødsel i Telemark, er ein intensiv biogassprosess som er kjend frå industribiogassanlegg nedover i Europa.
Grisemøkk
Prosjektet er ei vidareføring av eit prosjekt som tidlegere har fått støtte over klimaprogrammet. Det blei da gjort forsøk med biogassproduksjon basert på kumøkk.
I dette prosjektet skal teknologien også bli testa ut på svinegjødsel. Resultata er venta mot slutten av 2010.
HiT satsar på biogassforsking
- Vår interne satsing på biogassforsking gjennom blant anna stipendiatstillingar til Finn Haugen og Wenche Bergland var avgjerande for at høgskolen er blant dei få som har fått tilslag i dette klimaprogrammet, seier professor Rune Bakke ved Høgskolen i Telemark.
Lite lønsame i dag
Dagens investeringskostnader og rammevilkår gjer det vanskeleg å gjere gardsanlegg for produksjon av biogassanlegg lønsame. Derfor er det beskjeden satsing på slike anlegg.
Men dersom høgskolen lukkast i utviklingsarbeidet, kan det føre til at investeringskostnadene ved etablering av biogassanlegg blir reduserte.
5-årig program
Det nasjonale utviklingsprogrammet for klimatiltak i jordbruket er eit 5-årig program. Ramma for 2009 er på 6 millionar kroner. Budsjettmidla blir sette av over jordbruksavtalen.
