Logg inn knapp Logo Høgskolen i Telemark
Les e-post Studentweb Fronter M-disken, samt fellesdisker Tilbake til hovedsiden Sitemap
Banner
HiT / Nyheter / Eit spennande musikkmøte

Eit spennande musikkmøte

Plakat
PLAKAT: Kinesisk jubileumsforestilling i Oslo Konserthus fredag den 11.september.
Mer informasjon:

Har kinesisk og norsk folkemusikk noko til felles? Høgskolen i Telemark skal saman med musikarar fra Kina finne ut av dette.

I samband med Hubei-Norway week får Høgskolen i Telemark, avdeling Rauland, denne veka besøk av Hubei Chinese Folk Orchestra.

I to dagar skal musikarane frå Kina samarbeide med lærarane på folkemusikkstudia for å få til eit felles musikalsk uttrykk som skal framførast under den kinesiske jubileumsforestillinga i Oslo Konserthus fredag den 11.september.

Instituttet fekk spørsmål frå dei kinesiske musikarane om eit samarbeid og har teke imot utfordinga dette kan vere, med så ulike musikalske plattformer som møtast.

Det ein veit om eventuelle fellestrekk, er bruken av 5-toneskalaer, som det fins mykje av i kinesisk musikk, og som det også fins ein del av i norsk folkemusikk.

Det kan bli eit spennande møte som kan gje nye musikalske opplevingar og uttrykk.

RSS feed Abonnér på nyheter