Høg gjennomføringsgrad for HiT-studentar
- Her somler studentene mest (Teknisk ukeblad)
- Gjennomføring, statlege høgskolar (DBH)
- Gjennomføring, universitet (DBH
Studentane ved Høgskolen i Telemark er svært arbeidssomme og effektive. Av alle universitet og høgskolar i landet har dei i gjennomsnitt den tredje beste gjennomføringsgraden for studia sine.
Det syner tal frå Databasen for statistikk om høgre utdanning.
Rangeringa er gjort etter kor stor del av studentane som gjennomfører utdanninga etter avtalt utdanningsplan.
Dei offisielle tala er frå 2008.
89,5 prosent
Høgskolen i Tromsø - som frå 2009 er ein del av Universitetet i Tromsø - har det beste resultatet. Her er gjennomføringsprosenten 93,4 prosent.
Høgskolen Sør-Trøndelag har 90,6 prosent og Høgskolen i Telemark 89,5 prosent.
- Dette er oppløftande tal for oss, og eit resultat av målretta arbeid, seier høgskoledirektør Nils Røttingen.
- Det er stor konkurranse om studentane. Fagmiljøa våre legg vekt på å følgje studentane opp slik at dei lukkast med studia.
Han tek likevel eit lite atterhald om at tala for nokre av institusjonane ikkje er kvalitetssikra godt nok og derfor ikkje gir rett plassering på lista for dei.
Studiepoeng per studieår
Rangeringa frå Databasen for statistikk om høgre utdanning (DBH) tek utgangspunkt i talet på studiepoeng som studentene har planlagt å gå opp til eksamen i i løpet av eit kalenderår, og talet på studiepoeng studentane har bestått i løpet av det samme kalenderåret.
Helsefag på topp
Gjennomføringsgraden varierer noko mellom fagavdelingane i Høgskolen i Telemark.
Studentane ved Avdeling for helse- og sosialfag tok i gjennomsnitt 97,6 prosent av dei planlagte studiepoenga i 2008.
Gjennomsnittsresultatet for Avdeling for estetiske fag, folkekultur og lærarutdanning er 91,1 prosent, Avdeling for teknologiske fag 86,9 prosent og Avdeling for allmennvitskaplege fag 85,4 prosent.
