Logg inn knapp Logo Høgskolen i Telemark
Les e-post Studentweb Fronter M-disken, samt fellesdisker Tilbake til hovedsiden Sitemap
Banner
HiT / Nyheter / Reggio Emilia-konferanse

Konferanse om kreative barnehagar

Kari Carlsen
- Reggio Emilia-barnehagane brukar barnas eigen leik og nysgjerrighet for å skape eit godt læringsmiljø, og for å oppdra dei til demokrati, seier førsteamanuensis Kari Carlsen.
Reggio Emilia

To nøkkelpersonar frå dei verdskjende barnehagane i italienske Reggio Emilia held 16. mars kurs på ein HiT-konferanse i Porsgrunn for barnehagepersonell, studentar og skoleadministratorar.

I denne nord-italienske byen har det gjennom fleire ti-år blitt utvikla ein praktisk pedagogisk filosofi der leik og arbeid, kunst, verkelegheit og fantasi blir knytte saman.

Samarbeid HiT - Reggio Emilia
Høgskolen i Telemark har eit nært samarbeid med dette nyskapande pedagogiske miljøet.

- I Reggio Emilia ser dei på kva barna gjennom leik og arbeid festar seg ved. Så lagar dei læringsprosjekt ut frå dette, seier førsteamanuensis Kari Carlsen ved Høgskolen i Telemark.

Det er dokumentasjonen av observasjonane av barna, og prosjekta dette fører til, som er det meir spissa temaet for kurset og konferansen 16. mars.

"Verdas beste barnehagar"
Barnehagane i Reggio Emilia har fått mykje internasjonal merksemd. Blant anna har dei blitt kåra til "Verdas beste barnehagar" av nyheitsmagasinet Newsweek.

Byen er ofte mål for studieturar blant annet frå dei nordiske landa.

Grupper av førskolelærarar, lærarar og andre interesserte også frå Telemark er blant delegasjonane som har besøkt byen og blitt inspirerte.

Dei to kurshaldarene frå Reggio Emilia er førskolelærar Laura Rubizzi og pedagogisk konsulent i kommunen, Tiziana Filippini.

RSS feed Abonnér på nyheter