Topp-plasseringar i NM for studentbedrifter
Smart Light SB frå Høgskolen i Telemark blei nr. 2 i årets NM for studentbedrifter. Og 360 Innovator SB frå HiT vann den gjeve Ferd-prisen og sikra seg samstundes deltaking i EM for studentbedrifter.
Smart Light SB var også årets vinnar av fylkesmeisterskapen for studentbedrifter.
I tillegg fekk studentbedriften Safe Step SB frå HiT økonomi- og rekneskapsprisen i NM.
NM blei tysdag arrangert ved BI i Nydalen i Oslo.
Vinnaren av NM blei studentbedriften Vibra Tools SB frå Høgskolen i Ålesund.
Styrer utelys
Smart Light SB med ingeniørstudentane Kenneth Nesse, Mats Andersen, Stig Aspenes og Geir Tore Lehn Berg har utvikla eit system der ei fotocelle sender eit trådlaust signal til ein mottakar i utelampa.
Mottakaren blir skrudd i mellom sokkelen og lyspæra i utelampa. Systemet er svært enkelt å montere, og fotocellesendaren har eit solcellepanel for lading av dei innebygde batteria.
Biometrisk bankkort
Studentbedriften 360 Innovator SB vann den ettertrakta Ferd-prisen. Ferd-prisen går til den studentbedriften som har størst internasjonalt potensial.
360 Innovator SB utviklar eit betalingskort som utnyttar eigarens eigen kropp som markør. Det skjer gjennom biometrisk avlesing og trådlaus kommunikasjon og vil gjere betaling med kort sikrare og meir effektivt.
Nyskapande
Bak 360 Innovator står Joakim Egseth Solberg, Mats Vassliås og Kim Kristian Humborstad. Alle er bachelorstudentar i innovasjon og entreprenørskap.
Juryens grunngjeving for Ferd-prisen:
”Det som skilte vinneren fra resten var; deres globale perspektiv, en nyskapende sammensetning av teknologier som vi tror på som fremtidens betalingsløsning. De har identifisert konkurrenter og samarbeidspartnere i hele verdikjeden. Studentbedriften har fremdeles en vei å gå, men vi håper denne prisen vil være med på å løfte dem videre og ut i markedet både nasjonalt og internasjonalt.”
HiT til EM for femte år på rad
Saman med NM-vinnaren skal 360 Innovator representere Norge i Europameisterskapen for studentbedrifter. EM går i Danmark.
Dette er femte år på rad som studentbedrifter frå HiT representerer Norge i EM.
I 2006 vann studentbedriften Flush SB frå HiT både Ferd-prisen i NM og gjekk heilt til topps i EM
Hindre ulykker
Safe Step SB, som vann økonomi- og rekneskapsprisen, har sett på dei mange uhella og ulykkene som elektrikarar er utsett for når dei klatrar opp og ned i gardintrapper med den elektriske drillen.
Eit stativ inkludert staumtilkopling for å plassere drillen på gardintrappa er deira idé.
Studentbedrift
Målet med ein studentbedrift er å gje studentane kunnskapar om bedriftsetablering gjennom eit år med oppstart, drift og styrt avvikling av bedriften.
Studentane får gjennom dette prøve ut forretningsidéen innanfor trygge rammer.
