Logg inn knapp Logo Høgskolen i Telemark
Les e-post Studentweb Fronter M-disken, samt fellesdisker Tilbake til hovedsiden Sitemap
Banner allmenvitenskaplige fag
HiT / AF / Kultur og humaniora / Emnesider / Fagrupper / Forfattarstudiet

Forfattarstudiet

Det 1-årige forfattarstudiet er eit kunstfagleg tilbod til alle som vil klargjere sitt forhold til skjønnlitterær skribentverksemd - både dei som har publisert bøker tidlegare og dei som ikkje enno har stått fram i offentleg samanheng.

Studieåret skal vere ei tid for forsøk og refleksjon, og innhenting av kunnskapar knytta til ein skjønnlitterær praksis. Studiet legg like stor vekt på teoretiske emne som på praktisk skriving, og er organisert i ein teoretisk del, ein skriveverkstad og ein seminardel.

Forfattarstudiet er eit kompetansegjevande årsstudium med full utteljing i 60 studiepoeng.

Studiet er eit samarbeidstiltak mellom Høgskolen i Telemark og Den norske Forfatterforening.

Personale på faggruppa

Eldrid Lunden professor 3595 2640 Eldrid Lunden@hit.no
Jan Marius Emanuelsen høgskolelektor 3595 2765 jan.m.emanuelsen@hit.no

Kven svarar på kva?

Spørsmål som gjeld einskilde seminar eller forelesingar bør rettast til den faglæraren det gjeld. Spørsmål om det faglege opplegget generelt kan rettast til studiekoordinatoren, Eldrid Lunden.

Treng du studierettleiing er det best å vende seg til instituttkonsulent Birgit Norendal, tlf. 35 95 26 13 (e-post Birgit.Norendal@hit.no). Birgit Norendal er også den du bør snakke med dersom du lurer på om forfattarstudiet i Bø er noko for deg. Sjå ellers omtale i studiehandboka.

Søknadsfristen er 15. april kvart år, med studiestart om hausten.

Studiet har 15 studieplassar til disposisjon. Søknadene blir vurderte av ein komite på tre medlemer. Etter å ha plukka ut dei femten beste søkjarane, vil komiteen normalt sette opp ei prioritert venteliste.

Søkjartalet svingar til vanleg mellom 80 og 100, og ein kan rekne med svar på søknaden om lag 10. juni.

Forfattarstudiet i Bø er den eldste og mest kjende forfattarutdanninga i Noreg. Andre stader heiter dette forfatterskole, forfatterkurs, forfatterutdanning, skriveskole, skrivekurs, skriveakademi.... Men det finst berre eitt forfattarstudium: Forfattarstudiet i Bø.