Eit spennande musikkmøte
Har kinesisk og norsk folkemusikk noko til felles? Høgskolen i Telemark skal saman med musikarar fra Kina finne ut av dette.
I samband med Hubei-Norway week får Høgskolen i Telemark, avdeling Rauland, denne veka besøk av Hubei Chinese Folk Orchestra.
I to dagar skal musikarane frå Kina samarbeide med lærarane på folkemusikkstudia for å få til eit felles musikalsk uttrykk som skal framførast under den kinesiske jubileumsforestillinga i Oslo Konserthus fredag den 11.september.
Instituttet fekk spørsmål frå dei kinesiske musikarane om eit samarbeid og har teke imot utfordinga dette kan vere, med så ulike musikalske plattformer som møtast.
Det ein veit om eventuelle fellestrekk, er bruken av 5-toneskalaer, som det fins mykje av i kinesisk musikk, og som det også fins ein del av i norsk folkemusikk.
Det kan bli eit spennande møte som kan gje nye musikalske opplevingar og uttrykk.
Ansvarlig for nettsiden Hege Schjøth Øverås - 08.09.2009