Seniorpolitikk

Seniorpolitikken ved Høgskolen i Telemark (HiT) skal vere fleksibel og innrettast mot å dekkje ulike behov som finst i seniorgruppa. Det skal arbeidast for at medarbeidarar kan gå ut av arbeidslivet på ein verdig måte (overordna mål for HiTs seniorpolitikk).

Ein senior er ein medarbeidar som er 60 år og eldre.

HiTs seniorpolitikk har følgende delmål:

  • Det skal arbeidast for å få fleire seniorar til å stå lenger i arbeid.
  • Det skal leggjast til rette for at seniorane byrjar planlegginga av seinkarrieren i god tid før formell pensjonsalder.
  • Driftseiningane skal stimulerast til å utarbeide og setje i verk seniortiltak som er forankra i lokale behov og som elles er i samsvar med seniorpolitikken i høgskolen.

Seniorstipend

HiTs medarbeidere har frå det året dei fyller 62 år mulighet til å søke seniorstipend. Med eit slikt stipend kan medarbeideren fått nytte inntil 50 % av stillingen i seks måneder til arbeid/prosjekt som er nyttig og viktig for høgskolens virksomhet, og som til vanlig ikkje er knytta til medarbeideren sitt daglege arbeid.

Seniorkurs

HiTs medarbeidere får frå det året dei fyller 60 år tilbud om å delta på seniorkurs arrangert av Norsk Senter for Seniorutvikling.

Ansvarlig for nettsiden Terje Dehli Jacobsen - 01.04.2011