Gateway College
Studium på norsk i utlandet
Gateway College og Høgskolen i Telemark samarbeider om ei rad spennande studium i utlandet. Du kan ta ex.phil.,reiseliv, moteleiing, økonomi og språk m.m på Bali (Indonesia), i Paris, New York, Santa Monica (California), Cape Town, Sydney (Australia) og Playa del Carmen (Mexico).
Fullført studium med 30 studiepoeng er anten samanfallande med 1. semester i årsstudium eller bachelorstudium ved HiT, samanfallande med frie studiepoeng i eit bachelorprogram, eller det kan på andre måtar godkjennast inn i ein bachelorgrad etter søknad og tilpassing.
Studia gjev rett til lån og stipend i Lånekassa på vanleg måte.
Høgskolen i Telemark er fagleg ansvarleg for utdanninga, og Gateway College er ansvarleg for den praktiske tilrettelegginga.
Sjå nærare studieprogram- og emneoversyn.
Direktelenke til pensumoversyn for dei einskilde emna finn du her.
Les meir om det praktiske på nettsidene til Gateway College!
Ansvarlig for nettsiden Bergit Grivi, Eline Flesjø, sist oppdatert av Kristian Hanto - 13.08.2010
Eksterne lenker