Kulturstudiar
Innhald
Doktorprogram i kulturstudiar er eit tverrfagleg program som er forankra ved Institutt for kultur- og humanistiske fag (Bø), Institutt for idretts- og friluftslivsfag (Bø), Institutt for forming og formgiving (Notodden) og Institutt for folkekultur (Rauland). Den kulturfaglege forskinga ved desse miljøa fordeler seg slik:
- Formingsfagleg kulturforsking
- Humanistisk kulturforsking
- Kulturpolitikkforsking
- Forsking i tradisjonskunst
- Idretts- og friluftslivsforsking
Med bakgrunn i desse forskingsfelta skal doktorgradsprogrammet konsentrere seg om to temaområde: kulturforståing og kulturpolitikk og kulturproduksjon og estetisk praksis. Doktorgradsprogrammet arbeider ut frå eit vidt kulturomgrep, på same måten som masterprogramma ved dei nemnde fagmiljøa. Doktorgradsprogrammet skil seg frå doktorgradsprogramma ved universiteta ved at det er tverrfagleg og breitt orientert.
Mål
Doktorgradsprogrammet skal kvalifisere kandidatane for vidare forsking og for anna arbeid der det blir stilt høge krav til vitskapleg innsikt innanfor fagområdet for utdanninga og der mastergrad ikkje er tilstrekkeleg. Etter å ha disputert skal kandidatane vera i stand til å setta seg inn i og vurdere kritisk ny kunnskap som blir produsert innanfor det eigne området og område som er relevante og ligg nær det eigne området. Doktorandane vil få opplæring i å arbeide tverrfagleg med ulike problemstillingar.
Rekruttering
I første omgang reknar vi med å rekruttere på nasjonalt nivå, men i eit framtidig perspektiv kan ein tenke seg å rekruttere doktorandar frå dei andre nordiske landa og eventuelt frå land utanfor Norden. I det tilfellet må ein tilby programmet på engelsk. Utveksling av doktorandar, fellesnordiske doktorgradskurs, utveksling av forelesarar og forskingssamarbeid på programnivå er typar av samarbeid som vil styrke utdanninga og rekrutteringsgrunnlaget. Vi er allereie inne i nettverk som gjer det muleg.
Ansvarlig for nettsiden Eline Flesjø - 10.05.2012