Ragnhild Furholt

FoU-prosjektet for 2011

DILEMMA I FORHOLD TIL BEVARING AV TRADISJONEN OG PERSONLEG PROFILERING

Kva skjer med den vokale folkemusikken når den munnlege traderinga blir erstatta av lydopptak og notenedteikningar? Kven har kontroll med dagens traderingsprosess?

FoU-prosjektet er eit forsøk på å kartleggje og auke forståinga for dei prosessane som skjer når eit tradisjonsmateriale som har blitt munnleg tradert i fleire hundre år endrar overleveringsmetodane. Endringar i traderingsprosessane vil truleg også føre til endringar i kva slags kriterie som ligg til grunn for å definere noko som ”vokal folkemusikk”, og endringar i forhold til kven som har definisjonsmakta - den såkalla kontrollinstansen.

For kven og kor gjeld definisjonen?

Det har alltid funnest ulike forestillingsverdenar om det individuelle og unike hos einskilde songarar innafor ein tradisjon. Er forholdet til kontinuitet, bevaring av tradisjonar og truskap til kjeldene annleis i dag enn før? Folkemusikken har stort sett blitt ”stuerein”, og i kjølvatnet av dette kan ein stille spørsmål om det har ført til endringar i forhold til ”vernetanken”, og i forhold til truverdigheit til stilen og til kjeldene? Er unge utøvarar i dag friare i forhold til korleis dei bruker og tenker på ”kontinuitet” og ”originalitet”, eller er dei i eit stadig dilemma mellom bevaring/truskap til kjeldene og personleg profilering?

Desse spørsmåla blir diskuterte i ein artikkel der eg viser til tidlegare oppfatningar om det unike og individuelle i vokal folkemusikk, og vidare om evt. endringar som har skjedd og i tilfelle kva som kan vere årsakene til desse endringane. Eg vil også gje att delar av svar frå eksamen i ”Vokal tradisjonskunnskap” ved første året ved Folkemusikkstudiet i Rauland: Kva legg du i det å synge ”autentisk”, og kva er ei god songkjelde for deg? Desse spørsmåla har eg også bede eit utval av unge veletablerte kvedarar svare på.

Ansvarlig for nettsiden Mikkel B. Tin, sist oppdatert av Mikkel Bjørset Tin - 04.02.2013