Mari Rorgemoen

Mellom tradisjon og spel - didaktikk for tekstil folkekunst.

Vasa : Åbo Akademi, Pedagogiska fakulteten. 2012. Avhandling (ph.d.)

Dette forskingsprosjektet er resultat av eit behov for å forske på og utvikle ein didaktikk for tekstilfaget ved Folkekunststudiet, Høgskolen i Telemark. Studiet med folkekunst som fagfelt er eit relativt ungt studium som vart etablert i 1985. Både innom utdanningsinstitusjonen og miljø utanom er det ulikt syn på kva arbeidsmåtar som best tek vare på tradisjonskunnskap. Tradisjonsvern og tradisjonsfornying er målsetjing for studiet og kopiering og fornying er gjerne sett som motsetnader når det gjeld arbeidsmåtar for å nå dei to overordna måla.

I arbeidet med avhandlinga er det didaktiske feltet sett på ut frå ulike teoretiske perspektiv og den overgripande problemstillinga er korleis utvikle ein forskingsbasert didaktikk der dei grunnlegjande prinsippa som særmerkjer den tradisjonelle folkekunsten, vert tekje vare på. Ein hermeneutisk forskingsansats er valt for arbeidet. Eit utval artefaktar produsert i utdanningsinstitusjonar over tid er samanlikna med tradisjonelle tekstilar når det gjeld formelement og estetiske funksjonar. Vidare er empirien i forskingsarbeidet studentar si opplevingar av læring som fylgje av undervisning som skjer ved studiet i dag saman med eiga utøving i møte med tekstilt tradisjonsmateriale.

Forskingsresultata er presenterte i tre artiklar og utgjer grunnlag for drøftingane i avhandlinga. Fyrste drøftingstemaet er Kommunikasjon og dialog ved vidareføring av tekstil folkekunst. Både estetiske, teoretiske, praktiske og sosiale aspekt er nedfelt i læreplanen for studiet og skal utgjera grunnlag for kommunikasjon og arbeidsmåtar. Refleksjon og dialog i møte med historiske artefakta og i høve til praksis med å utforme tekstilar skjer som fylgje av kontemplasjon, korrespondens og imaginasjon og omgrepa er sentrale for ein didaktikk som handlar om formidling av tradisjonsutøving av tekstil.

Det andre temaet som er drøfta, er Vidareføring av tradisjonelt visuelt formspråk. Her er fokuset retta mot kva som har skjedd formalt med ei gruppe tradisjonelle formelement som er resultat av den institusjonelle vidareføringa over eit lengre tidsperspektiv. Resultatet kan få fylgjer for utforming av ein framtidig didaktikk for faget.

Arbeidsmåte og erfaring frå vidareføring av tekstile tradisjonar er det tredje temaet som er drøfta i avhandlinga. Kopiering og skapande prosessar er arbeidsmåtar som er brukte ved studiet i dag og utgjer grunnlag for drøftingar i relasjon til vidareføring og erfaring.

Dei tre drøftingstema utgjer grunnlag for intersubjektiv forståing for kva ein didaktikk for vidareføring av folkekunst og tekstilfaget kan vera i dag. Indre og ytre dialog i skapande og kopierande prosessar handlar om estetiske, materielle og tekniske faktorar sett i høve til spelerom, spatialitet, spelereglar og samspel i møte med tekstile tradisjonar. Samla utgjer det ein forskingsbasert didaktikk for faget der den overordna intensjonen er samtykkje mellom tradisjon og spel.

"Kopiering av tradisjonskunst som læringsmetode"

I FORMakademisk. Vol. 4, nr. 1. Lenke

Ansvarlig for nettsiden Mikkel B. Tin, sist oppdatert av Mikkel Bjørset Tin - 10.09.2012