Om SKI

ikon zoom

Senter for kultur- og idrettsstudiar er eit forskingssenter oppretta ved Høgskolen i Telemark (HiT) i samarbeid med Telemarksforsking-Bø (TF). Senteret skal fremje forsking på høgt nivå på kultur- og idrettsfeltet med utgangspunkt i forskingsmiljøa ved dei to institusjonane.

Senter for kultur- og idrettsstudiar blei først etablert som eit treårig prosjekt med hovudforankring til HiT. Senteret skal ivareta støttefunksjonar for forskinga som går føre seg ved dei to institusjonane. Forskarane som er tilknytta senteret, er tilsatt ved morinstitusjonane som har ansvar for økonomi og administrasjon for dei einskilde forskingsprosjekta.

Senteret er avgrensa til forskingsoppgåver (forsking og utgreiing) på kultur- og idrettsfeltet. Det har ikkje oppgåver direkte knytt til undervisning. Men verksemda bør kome læringsmiljøet til gode ved at kollegaer, studentar og eksterne miljø kan bli kopla til forskings- og utgreiingsverksemda ved senteret.

Hovudoppgåvene for senteret er:

  1. å drive informasjon om og profilering av forskingsaktivitetar og fagmiljø,
  2. å arrangere konferansar, seminar og workshops,
  3. å utføre administrative oppgåver, og
  4. å skaffe fleire prosjekt – og stipendiatar – til forskingsmiljøet.

Ved senteret er det tilsatt ein prosjektkoordinator (Nanna Løkka) i halv stilling for å ivareta fagleg-administrative oppgåver. I tillegg er det oppretta ei referansegruppe med fire representanter frå HiT, to frå TF og eit eksternt medlem. Referansegruppa har følgjande medlemmer:

  • Per Mangset, professor, Institutt for kultur- og humanistiske fag (fagleg leiar)
  • Ole Marius Hylland, forskar I, Telemarksforsking-Bø
  • Karl Gunnar Sanda, direktør, Telemarksforsking-Bø
  • Annette Bischoff, instituttleiar, Institutt for idretts- og friluftslivsfag
  • Tore Sætersdal, instituttleiar, Institutt for kultur- og humanistiske fag
  • Jan Ove Tangen, professor, Institutt for idretts- og friluftslivsfag
  • Alfhild Skårdal, direktør, Norsk bergverksmuseum, Kongsberg

Ansvarlig for nettsiden Kjærsti Skjeldal, sist oppdatert av Nanna Løkka - 03.04.2013