Folkemusikkscena - Konsert fredag 17. februar
Folkemusikkscena samarbeidar med Rauland internasjonale vinterfestival om hovudkonserten fredag den 17. februar. Konserten er delt i to avdelingar: Dei beste damene og Gouventas/Pappos/Røe
Kyriakos Gouventas
Dei beste damene
Entusiasmen og lidenskapen for den tradisjonelle hardingfelemusikken har ført Åse Teigland, Anne Hytta og Synnøve S. Bjørset saman på eí scene. Som representantar for tradisjonell hardingfelemusikk frå Hardanger, Telemark, Sogn og Valdres formidlar dei eit stort mangfald av klangfargar og rytmikk, og det er tre tydelege og sterke musikalske uttrykk som kjem til syne når dei spelar slåttar med svært personleg signatur.
Kyriakos Gouventas er utdanna klassisk fiolinist, men har dei siste åra har han konsentrert seg heilt om tradisjonsmusikken. I dag er han ein av dei fremste og mest ettertrakta felespelarane i den greske folkemusikken, med over 100 plateinnspelingar og fleire verdsomfattande turnear bak seg.
Manolis Pappos har vore profesjonell musikar sidan 1982, fyrst og fremst som samarbeidspartnar med ei rekke kjende greske og internasjonale utøvarar, m.a. Mikis Theodorakis. Han er ein sentral komponist, med over 800 komposisjonar til dags dato, og reknast som ein av dei aller fremste utøvarane på bouzouki dei siste 50 åra.
Oluf Dimitri Røe er oppvokst i Trøndelag. Han er fyrst og fremst felespelar, men er òg ein flott songar. Sjøl om faren er norsk, er det den greske mora og kontakten med slekta hennar frå Mykonos som har prega han som musiker. Han er sjøl ein av dei få som spelar den særeigne, lokale sekkepipetradisjonen derifrå som heldt på med å gå i gløymeboka. For mange her heime vil Oluf Dimitri vere kjend frå samarbeidet m.a. Gabriel Fliflet i gruppa ”Fri flyt”. I dag er han aktiv i gruppa ”Bengalo”, som studiomusikar og som komponist.