Folkemusikkscena - Konsert 18. april
Spellemennene Alf Tveit og Øyvind Brabant spiller på Folkemusikkscena.
Alf Tveit frå Sauherad (busett på Dalen) og Øyvind Brabant frå Nes i Hallingdal er to spelemenn me etter kvart kan nemne som tradisjonsberarar. Alf har nyleg fylt 60, Øyvind nærmar seg. I yngre år var dei båe rundt hjå ymse kjelder i sine tradisjonsområde og lærde slåttar. Om dei har ulik tradisjonsbakgrunn og såleis ulikt repertoar, er der likevel sams drag i spelemåten: Ein eggjande rytmikk som ei ryggrad i spelet, dei gjev lydaren ”fot” frå fyrste bogadrag. Attåt det ein eminent venstrehandsteknikk, triller ,forslag og likringar kjem naturleg og velplasserte. Båe har dei vunne Landskappleiken, Alf i 1992 og 1998, Øyvind i 1993, i lag med Olav Øyaland.
Øyvind Brabandt
Alf Tveit