Folkemusikkscena - Konsert 9. mai

Triakel kan omtalast som ei av Sveriges elitegrupper innan folkemusikk. 9. mai besøker dei folkemusikkscena på Rauland.

Triakel

Mange vil vere glade for at Triakel er attende i Rauland! Røynsla frå mange år på vegen har sett spor i form av eit finstemt og briljant musikalt uttrykk. Gruppa er sett saman av Emma Härdelin, song, Kjell-Erik Eriksson på fele og Janne Strömstedt på trøorgel. Musikarane er óg kjend i frå grupper som Hoven Droven og Garmarna.

Dei har vore på turne og hatt konsertar både i USA, Canada og fleire land i Europa.

Triakel syng og spelar viser frå Jämtland og Hälsingland, alt i frå revynummer til salmer.


Kontaktperson: Per Åsmund Omholt, telefon: 35952913