Avlivar mytar om telemarkingane

Det er ein myte at 16 og 1700-talets vest-telemarkingar var så stridbare mot prestane. Det var ikkje teologi, men pengar som avgjorde om presten var godt likt. Kravde han lita løn, kunne han elles la humla suse.

Anna Tranberg avlivar nokre mytar om tidlegare tiders vest-telemarkingar
ikon zoom

Anna Tranberg avlivar nokre mytar om tidlegare tiders vest-telemarkingar

Dette kjem fram i desember i ein artikkel i årets utgåve av skriftet Telemark Historie. Der skriv førsteamanuensis Anna Tranberg ved Høgskolen i Telemark om forholdet mellom prest og allmuge i Vest-Telemark for 200 - 300 år sidan.

Det var ikkje teologi, levereglar eller Confessio Augustana, men pengar som regulerte forholdet.

Låg løn
Når lokalfolket betalte avgifter direkte til presten, gjaldt det å få avtalt så låg presteløn som råd. Løna var ein del av forhandlingane med representantar frå allmugen ved tilsetting. Prestelønene var ikkje sentralt regulerte før langt ut på 1800-talet.

Var presten lite ivrig på å krevje inn løna si, så blei han godteken og høgt verdsett. Historikaren Anna Tranberg syner at presten då kunne vere både drikkfeldig og usømeleg.

Drikkelag
Som eit døme i så måte peikar ho på dansken Henrik Berg, som var prest i Fyresdal i over tjue år (1746–1769). Berg fikk barn med tenestejenter og skipa til reine drikkelag i prestegarden, men han let humla suse og han slurva med å drive inn presteløna. Difor klaga folk ikkje på han, dei verna om han.

Upopulær
Som kontrast i Tranbergs forteljing står Thomas Bloch, som var prest i Fyresdal i 45 år (1672–1717). Han hadde sikkert både moral og teologi i orden, men han låg i stadig strid med allmugen om løn. Bloch stemna jamvel soknebarn for retten på grunn av manglande innbetalingar. Han blei ikkje lika.

Ikkje moral
Anna Tranberg hevdar at det sentrale i forholdet mellom prest og allmuge i Vest-Telemark på denne tida ”var neppe moral, men innflytelse, makt og økonomi”. Det er den første myten ho punkterer.

Sjeldan strid
Den andre er idéen om at telemarkingar skal ha vore spesielt stridbare i sine oppgjør med prestar. Det var dei ikkje. Men prestane i Vest-Telemark blei løna etter eit temmeleg vilkårleg lokalt avgiftssystem, som stundom førte til uro.

Ansvarlig for nettsiden Per Magnus Holtung - 14.11.2004