Banebrytande CD frå HiT på Landskappleiken
Ved Landskappleiken i Eidfjord i desse dagar (23.-27.juni) blir det presentert ein dobbel-CD som både i lyd og tekst presenterer utviklinga i folkemusikken frå Setesdal. Bak CDen står professor i tradisjonskunst ved Høgskolen i Telemark, Vidar Lande.
Dobbel-CDen "Sordølen" presenterer med solid vitskapleg bakgrunn den folkemusikalske utviklinga i Setesdal frå tidleg 1800-talls flatfelespel til 1900-talets telemarksinspirerte hardingfelemusikk.
Gjennom kombinasjon av dei munnlege og skriftlege kjeldene har Vidar Lande reint praktisk freista å konstruere vesentlege strukturar i den eldste musikken frå Setesdal. På dobbel-CDen er ofte dei eldste flatfeleslåttane plasserte i kontrast til nyare hardingfeleutgåver av dei same slåttane.
På CDen har Vidar Lande med seg Gunhild Tømmerås som gjesteartist. Ho er ein av Noregs fremste folkesongarar.
Som kjelder til den tidlegaste musikken har Lande nytta nokre av dei eldste skriftlege oppskriftene av setesdalsmusikk, m.a. oppskrifter Catharinus Elling og Arne Bjørndal gjorde i 1898 og 1917. Dei viktigaste munnlege kjeldene er kjende spelemenn som Vidar Lande sjølv lærde setedsdalspel av i 1960-åra.
Med dette prosjektet har Lande nytta ein metode der musikalsk praksis spelar ein vesentleg rolle i utprøvinga av musikalske hypoteser.
Prosjektet er ganske unikt i sitt slag både i norsk og i vidare samanheng, fordi det er ganske uvanleg at folkemusikalske topputøvarar også har ei så grundig innsikt i det musikalske materialet.
Utgjevinga er forsynt med eit tospråkleg teksthefte på norsk og engelsk på heile 42 sider. Med det gjer denne dobbel-CDen ein del av norsk folkemusikk tilgjengeleg for internasjonale forskarar og internasjonalt publikum på ein ny måte.
Utgjevar av CDen er Etnisk musikklubb i Kongsberg, eit selskap som også legg vekt på internasjonale mottakargrupper.
Ansvarlig for nettsiden Per Magnus Holtung, sist oppdatert av Frode Evenstad - 14.10.2004