Ein snau million kroner ekstra
Høgskolen i Telemark får ein snau million kroner ekstra i det endra framlegget til statsbudsjett som Kristin Halvorsen la fram torsdag. Men HiT får ingen nye doktorgradsstillingar og heller ingen av dei 200 nye studieplassane i lærarutdanning.
I Bondevik-regjeringas framlegg til 2006-budsjett fekk Høgskolen i Telemark eit trekk på 1,9 millionar kroner på grunn av redusert produksjon innan forskning og utvikling året før. Her blir ein pott omfordelt mellom universiteta og høgskolane etter resultat.
Stoltenberg-regjeringa ønskjer gradvis overgang til denne omfordelingsmodellen, og halverer verknadene av denne omfordelinga. Dermed blir også det opprinnelege trekket for HiT halvert.
Tildelinga på statsbudsjettet til Høgskolen i Telemark er nå på 413 millionar kroner.
Bondevik-regjeringa hadde framlegg om totalt 350 doktorgadsstillingar. Da var 250 fordelte, medan resten skulle bli utlyste på fritt grunnlag gjennom Norges forskningsråd. Stoltenberg-regjeringa fordeler også desse siste 100 stillingane. Men ingen av dei går til dei statlege høgskolane.
Dei ulike lærarutdanningane og praktisk-pedagogiske utdanningane blir styrkte med 200 nye studieplassar. Men desse går i hovudsak til universiteta og til høgskolane i dei store byane. HiT får ingen.
Ansvarlig for nettsiden Per Magnus Holtung - 10.11.2005