Alt om HiT-studia presentert på nett
Alt om dei rundt 140 studia i Høgskolen i Telemark er nå presentert kjapt tilgjengeleg frå høgskolens heimeside. Som før er det ein god introduksjon til kvart studium, men enda lettare å finne grundigare informasjon om studieplanar og dei detaljerte fagplanane for kvart emne som eit studium består av.
- Nå er studiepresentajonane komplette med omtaler både på katalognivå, studienivå og emnenivå, seier Jonny Bergkvist og Frode Evenstad i høgskolens nettredaksjon.
I presentasjonen kan du sortere studia og omtalene både alfabetisk, etter fagområde og etter studiestad.
På nettet er dei fleste innleiande omtalene av kvart studium - som er det same som du finn i den trykte studiekatalogen - også presenterte på engelsk.
Det same gjeld ein god del av den utdjupande informasjonen på studieplan- og fagplannivå. Høgskolen er i full gang med å omsetje det resterande til engelsk parallellversjon.
Det integrerte systemet med studieomtaler og fagpresentasjonar gjer det lettare for interesserte søkjarar både å få oversikt og å orientere seg i detaljar og gjennomføring av dei ulike studietilboda.
Bak denne lett tilgjengelege presentasjonen ligg det eit omfattande organisatorisk og teknisk grunnarbeid. Det har gitt ei løysing som også internt lettar arbeidet med å vidareutvikle og oppdatere enkeltstudium og å etablerere nye studietilbod.
- Det er ikkje lenger noko som heiter "studiehandbok". Nå er det studieplanane og fagplanane på nettet som er dei offisielle omtalene. I studiepresentasjonen finn du også den informasjonen som tidlegare var å finne under "Studiehandbok" - og enda mykje meir, seier Jonny Bergkvist og Frode Evenstad i nettredaksjonen i HiT.
Saman med Ralph Stålberg har dei stått bak hovudtyngda av strukturering, webprogrammering og overføring av innhald til det nye, integrerte systemet for studieomtaler.
Dei tre har i tillegg hatt vesentleg hjelp i innhaldsoverføringa frå Unni Stamland Kasin, Elin Nordbø Gilberg og Gunhild Haugen.
Sjå:
Ansvarlig for nettsiden Per Magnus Holtung - 11.01.2006