Dansk student vann julekortkonkurransen

Kirstine Riis vann årets julekortkonkurranse ved Høgskolen i Telemark. Masterstudenten i formgiving, kunst og handverk gjorde om HiTs logo til juletrepynt og markerte seg med sin naivistiske strek.

Masterstudent Kirstine Riis vann julekortkonkurransen med denne illustrasjonen. Julekortet er høgskulen si julehelsing til alle kontaktar i inn- og utland.
ikon zoom

Masterstudent Kirstine Riis vann julekortkonkurransen med denne illustrasjonen. Julekortet er høgskulen si julehelsing til alle kontaktar i inn- og utland.

- Fyrst tenkte eg på å lage logoen i personar, men så kom eg på å bruke den som julepynt, fortel Kirstine som flytte til Noreg, nærmare bestemt Notodden, for fire år sidan.

27- åringen kjem frå ein liten stad nær Limfjorden på Nordjylland i Danmark, men ønskte å studere tekstilfag og oppleve ”fjella” og naturen i Noreg, og enda opp på Notodden.

Ho ønskte ho hadde brukt enda meir tid på illustrasjonen, men har hatt nok å hengje fingrane i ved semesterslutt.

Logoar stått sentralt
Høgskolen i Telemark kunngjorde julekortkonkurransen i oktober, og inviterte studentar og tilsette til å bli med. Vinnaren blei lovd eit honorar på 3000 kroner. Julekortet blir sendt alle høgskulen sine kontaktar i inn- og utland.

Blant forslaga markerte illustrasjonen til Kirstine seg med den enkle, naivistiske streken og relevansen den hadde til Høgskolen i Telemark.

- Illustrasjonen blei mykje sterkare når eg farga den digitalt, fortel Riis. I studietida har arbeid med logoar stått sentralt. Allereie i hennar fyrste oppgåve på teikning - bilete brukte ho høgskulens logo som tema.

Draum om eige designfirma
I haust starta Kirstine på eit toårig masterstudium i formgiving, kunst og handverk. Ho har også teke årrstudium i saum og design, teikning - bilete og praktisk pedagogisk utdanning ved studiestad Notodden. I Danmark har ho bakgrunn i nordisk og litteratur.

- Som eg har det no brenn eg mest for å arbeide med faget og trur mest på ei framtid med undervisning, men saman med systra mi har eg ein draum om å starte eit firma med designklede, fortel ho. Om det skal liggje i Danmark eller Noreg er eit ”svært” spørsmål å svare på. For tida veit ho ikkje heilt kva land ho høyrer heime i etter snart fire år i Noreg. Men dansk vil ho alltid vere.

Ein ting som er sikkert er at jula skal feiras heime i Danmark.

ikon zoom

Kirstine Riis

And og ris a la mande
- 15. desember reiser eg heim til jul. Først skal eg ein tur til København, så reiser eg heim til familien. Kirstine trur ikkje den danske jula er så ulike den norske.

- Vi et and og ris a la mande med raud saus på julaftan. Ris a la mande er ganske lik riskrem, men med mykje mandlar i, fortel Riis.
Honoraret på 3000 kroner er ei kjærkomen gåve i førjulstida og skal brukast på julegåver og semesteravgift i januar.

Ansvarlig for nettsiden Ingvild Gjone Sildnes, sist oppdatert av Webmaster HiT - 11.12.2006