HiT-studentbedrift møtte EUs visepresident

Studentbedriften Flush SB frå Høgskolen i Telemark var tysdag til invitert til å møte EUs visepresident Günter Verheugen. Han er ansvarleg for EUs nærings- og industripolitikk.

EU-visepresident Günter Verheugen i samtale med Martin Hvassing frå studentbedriften Flush SB fra Høgskolen i Telemark
ikon zoom

Studentbedriften Flush SB frå Høgskolen i Telemark har utvikla automatisk reingjeringssystem for toaletter. Ideen og forretningskonseptet gav dei 1. plass i Telemarkmeistesskapet i studentbedrifter, nr 2 i NM, pluss pris for beste internasjonalt potensial i NM. Tysdag møtte dei EUs ansvarlege for nærings- og industripolitikk. Her er Günter Verheugen i samtale med Martin Hvassing frå HiT.

- Verheugen var svært interessert i presentasjonene vår, seier ein glad Martin Hvassing, leiar for studentbedriften Flush SB.

Dei tre deltakande studentbedriftene frå Høgskolen i Telemark tok det meste av premiar under NM for studentbedrifter tidlegare i år. Flush SB blei nr. 2 i NM bak RegTek SB - også dei frå HiT - og vann prisen som bedriften med best internasjonalt potensial.

Norge blir lagt merke til i Europa for sin satsing på entreprenørskap og innovasjon i skole og utdanning. Det er bakgrunnen for at EUs "næringsminister" ønskte å sjå nærare på dei norske elev- og studentbedriftene.

Günter Verheugen, som er ein av EU-kommisjonens fem visepresidentar, er på eit to-dagars Norges-besøk invitert av næringsminister Odd Eriksen.

Måndag besøkte dei Snøhvit-anlegget på Melkøya i Finnmark, og tysdag var Verheugen først på eit næringsseminar på BI i Oslo.

Etter lunsj møtte ein svært interessert Günter Verheugen studentbedriften Flush SB. Det er organisasjonen Ungt Entreprenørskap som hadde plukka ut Flush SB som norsk representant for studentbedriftene og den norske satsinga på innovasjon og entreprenørskap.

Dei to HiT-studentbedriftene RegTek SB og Flush SB er også dei to norske representantane i EM for studentbedrifter i Maastricht i Nederland i juli.

Under møtet med Günter Verheugen presenterte Flush SB sin bedrift og forretningskonsept. Flush SB har utvikla et nytt system for automatisk hygenisk reinhald av toaletter.

Bak Flush SB står studentane Martin Hvassing, Kim Bøe, Thomas Endresen og Øystein Strøm.

Møtet med EU-visepresidenten var lagt til Nordeas hovudkvarter i Oslo.

Statssekretær Frode Berge i Nærings- og handelsdepartementet og investoren Johan H. Andresen jr i FERD-konsernet var også med på dette møtet mellom studentbedriften og Günter Verheugen.

Ved sida av Flush SB fekk også ein elevbedrift og ein ungdomsbedrift presentere seg og sine idear for EUs ansvarlege for nærings- og industripolitikk.

Ansvarlig for nettsiden Per Magnus Holtung - 24.05.2006