"Hjertets kulturhistorie" også på tysk

Professor Ole Martin Høystads bok "Hjertets kulturhistorie" er nå utgitt på eit tysk forlag. "Kulturgeschichte des Herzens" er hovudboka i vårkatalogen.

"Kulturgeschichte des Herzens"
ikon zoom

"Kulturgeschichte des Herzens" er den tyske utgåva av professor Ole Martin Høystads bok "Hjertets kulturhistorie".

Lenker

Fagbokforlaget Böhlau Verlag (Weimar/Köln/Wien) har alt boka på plass i tyske bokhandlar. Boka er også meldt på tysk radio.

Ole M. Høystad er professor i tverrfaglege kulturstudiar ved Høgskolen i Telemark, og "Hjertets kulturhistorie" blei først utgitt på norske Spartakus forlag i 2003.

Den tyske utgåva er litt revidert i høve til den norske, med eit nyskrive Goethe-kapittel, der Goethes positive forhold til islam er omhandla.

Forlaget skriv at Høystads bok har "sensibilisiert… unser Verständnis für gegenwärtige Zusammenhänge".

"Hjertets kulturhistorie" skal nå også omsetjast til engelsk og blir utgitt av eit velsett internasjonalt britisk forlag.

I "Hjertets kulturhistorie" viser Ole Martin Høystad korleis hjertet er blitt oppfatta i ulike høgkulturar frå og med sumerisk, egyptisk og gresk til arabisk, aztekisk og europeisk kultur, og kva for funksjon hjertet har hatt som symbol opp gjennom historia.

Frå den mytiske Gilgamesh sitt urolege hjerte til middelalderens riddarlege og romantikkens lidenskaplege hjerte har det vore eit spørsmål om liv og død, ikkje berre i kroppsleg, men også i sjeleleg forstand

Når den vestlege verda brukar hjertet som symbol på kjærleik, er det til dømes ein arv frå arabisk kultur.

Boka gjer det også lettare å forstå kvifor Mohammed-teikningane har vekt så kraftige reaksjoner blant muslimar.

Ansvarlig for nettsiden Per Magnus Holtung, sist oppdatert av Ralph Ingemar Stålberg - 07.04.2006