Nye studentbustader i Rauland

Dei første dagane av oktober startar bygginga av 20 nye studenthyblar i Rauland. Hyblane skal stå ferdige til studiestart neste år.

Folkekulturstudentane ved Høgskolen i Telemark - Rauland får frå neste studieår tilbod om flotte nybygde hyblar
ikon zoom

Folkekulturstudentane ved Høgskolen i Telemark - Rauland får frå neste studieår tilbod om flotte nybygde hyblar

Men totalt blir det nokre færre kvadratmeter enn opprinneleg planlagt. Det er byggeboom i Rauland, og dette dreg byggekostnadene opp.

For å få prosjektet innanfor Husbankens kostnadsramme, er prosjektet krympa noko. Felles opphaldsareal er fjerna, og hyblar og kjøkkenareal har fått ei meir kompakt utforming.

Bygningen som skal romme dei nye hyblane er redusert frå 621 m2 til 516 m2. Det er 16 hyblar der fire og fire deler kjøkken, men med separat bad/wc. Det er i tillegg to dublettar med felles kjøkken. Dubletten i første etasje er tilpassa funksjonshemma.

Avstanden til Høgskolen i Telemark - Rauland blir bare rundt 200 meter. Altså ei optimal plassering og ein flott tilvekst til det totale læringsmiljøet i Rauland, meiner Studentsamskipnaden i Telemark som står bak bygginga.

Skorve Entreprenør i Seljord har totalentreprisen, og dei nye hyblane er planlagt ferdig 1. august neste år.

Ansvarlig for nettsiden Per Magnus Holtung - 29.09.2006