Vann med design for ny HiT-gåve
Folkekunststudent Randi Norheim Våland vann konkurransen om beste design for ny bedriftsgåve for Høgskolen i Telemark. Vinnaren fekk overrekt førsteprisen - 15 000 kr - under Kunst- og handverksdagane i Rauland sist helg.
Vinnardesignet er ein miniatyr ølhøne.
Det var Internasjonalt utval i høgskolen som sto bak designkonkurransen, som var open for tilsette og studentar.
Ved besøk av internasjonale gjester til høgskolen, og ved besøk til samarbeidspartnarer i utlandet, ønskte utvalet å ha ein gåveartikkel med særpreg og klar identitet.
Krava til designet var at skal brukast som gåve både til norske og utanlandske gjester/samarbeidspartnarar uavhengig av språk, høgskolens logo skulle vere på produktet og det skal koste mellom 100 og 200 kroner å produsera gåva.
Dette skriv juryen om vinnarutkastet til Randi Norheim Våland:
"Juryen har vurdert den ferdig utforma prototypen ”ølhøne” som eit produkt som oppfyller kriteria og som gjennom ei god og gjennomtenkt utforming set høgskolen inn i ein folkeleg kulturtradisjon frå Telemark. Produktet fortel i seg sjølv ei representativ historie til mottakarane."
Juryen besto av Frode Nyvold, Bodil Akselvoll og Helge Kaasin.
Ansvarlig for nettsiden Per Magnus Holtung, sist oppdatert av Ingvild Gjone Sildnes - 13.06.2006