Nyheter fra 2007

Onsdag lanserte Høgskolen i Telemark sin nye teneste TEORA - Telemark Open Research Archive. Her blir det meste av forskning i Telemark åpent og lett tilgjengeleg på internett både for andre forskarar og for publikum.

- I desember skal det vere skrint for me skal byggje opp forventningane mot jula, seier høgskulelærar i tradisjonsmat Bodil Nordjore. Ho har nett gjeve ut boka ”Bodils heimelaga” som innheld 300 oppskrifter som ein blir skrubbsvolten av å lese.

HiT-studentar på Bali har fått merke klimatoppmøtet til FN i desember. Måndag gjesta finansminister Kristin Halvorsen studiesenteret Jimbaran for å diskutere klimatiltak med studentane. Men studentane var ikkje så nøgde med svara frå ministeren.

Kjell Joar Alme disputerer onsdag til sin doktorgrad ved Høgskolen i Telemark om målemetoder for prosessindustri. Dette er det 43. doktorgradsdisputasen i egen regi ved høgskolen.

I jubileumsåret for Halldis Moren Vesaas har professor Eldrid Lunden ved Høgskolen i Telemark motteke den gjeve Halldis Moren Vesaasprisen. Prisen blir delt ut for ellevte gong, og går til ein lyrikar eller gjendiktar som gjennom fleire verk har markert seg med ei særskild stemme i norsk poesi.

31 sjukepleiarutdanningar i landet har blitt revidert av godkjenningsorganet NOKUT. Det viser seg at berre fire av 31 utdanningsinstitusjonar oppfyller kvalitetskrava til NOKUT - Høgskolen i Telemark er ein av dei.

HiTs nettsider oppnådde fem stjerner av seks mogelege under årets kvalitetsvurdering av norske offentlege nettstader. HiTs nettsider er nummer tre blant alle universitet og høgskolar.

Studentane si tid er kostbar når det nærmar seg eksamen. Men fem minutt tok det HiT-student Jan Lyberg å evaluere tre av emna frå haustsemesteret. Ved hjelp av eit elektronisk skjema på nett kan du som student setje karakter på studiet ditt - og det i ein fei.