Bokutgivingar frå folkekulturmiljøet
Professor Mikkel Bjørseth Tin og høgskolelektor Marit Andersen underviser begge i tradisjonskunstfag ved Høgskolen i Telemark. I juni gav dei ut kvar si bok: ”Folkekunstens abstrakte formspråk”, og ”Filigran” om den gamle gullsmedteknikken.
Boljesølje laga av HiT-student Hilde Grandal. Sølvsmed, forfattar og høgskolelektor Marit Andersen går nærare inn på denne handverksteknikken i boka ”Filigran”.
-
"De første formene"
(Institutt for sammen-
lignende kulturforskning) - "De første formene" (Norsk Folkemuseum)
- "Filigran" (Fagbokforlaget)
- I dei seinare åra har det oppstått ei aukande interesse for gamle tradisjonsteknikkar. Filigranteknikken er ein av dei, og svært mange ynskjer å lære seg handverket, skriv Andersen i boka ”Filigran”.
Gamal teknikk
I tillegg til å vere sølvsmed underviser Andersen i metall ved studiestad Rauland. Ho har fått forskings- og utviklingsmidlar frå høgskolen til å skrive ei lærebok om teknikken og metoden bak den gamle teknikken.
- Filigran er eit tusenår gamal gullsmedteknikk som blir brukt over heile verda. Eg tar tak i draktsølvet frå Telemark, noko eg meiner gjev nok grunnlag for å lage gjenstandar også frå andre områder frå Noreg, seier forfattaren.
Boka skal gje lesaren ei praktisk og teoretisk innføring i gullsmedteknikken, og den skal vere eit supplement til andre gullsmedbøker. Boka kom på marknaden i juni og blir utgitt av Fagbokforlaget.
Folkekunst og abstrakt kunst
Mikkel Bjørseth Tin er doktor i filosofi frå Paris og nytilsett professor ved Høgskolen i Telemark.
Boka ” De første formene. Folkekunstens abstrakte formspråk” er resultat av eit forskingsprosjekt Tin har jobba med i perioden 2004 -2006.
Forfattaren tek for seg former i eit historisk perspektiv og ser ein samanheng også mellom ”abstraksjonen i folkekunsten og den akademiske kunstens avantgarde.”
- Folkekunst og abstrakt kunst opererer med same former som sirkelen, kvadratet og krossa. Formspråket er globalt. Det er mykje norsk stoff og stoff frå Telemark i boka, men også frå dei slaviske områda og tradisjonane vi vanlegvis ikkje forbind oss med, fortel Tin.
Han trur boka vil vere spesielt interessant for dei som studerer folkekunst og tradisjonskunst, men også for dei som studerer arkeologi, religionshistorie, filosofi og idéhistorie.
- Boka kan lesast på fleire nivå, fortel Tin.
Mye av gjenstandsmaterialet i boka er lånt av Norsk Folkemuseum på Bygdøy og har aldri vore vist før.
Boka blir utgitt på Novus forlag med stønad frå Institutt for samanliknande kulturforsking.
Ansvarlig for nettsiden Ingvild Gjone Sildnes, Per magnus Holtung, sist oppdatert av Per Magnus Holtung - 27.10.2008