Fekk 100.000 av ministeren

På fredag var landbruksminister Terje Riis-Johansen i Telemark for å inspisere eit ”heimelaga biogassanlegg” som omgjer kumøkk til biogass. Professor Rune Bakke og masterstudent Harald Stjernholm ved Høgskolen i Telemark står bak pilotanlegget.

Landbruksministeren tar en titt på pilotanlegget til biogassproduksjon.
ikon zoom

Landbruksminister Terje Riis-Johansen imponert over anlegget som henter ut biogass frå kugjødsel. Under demonstrasjonen bevilget han likeså godt 100.000 kroner til Høgskolen i Telemark for å videreutvikle prosjektet (Foto E. Nordbø).

Relevante linker

Kumøkk verdt gull (Østafjells 24.08)

Kumøkk gir lys framtid (varden 25.08)

Då ingeniørstudent Harald Stjernholm, professor Rune Bakke og bonde Knut Vasdal viste fram reaktoren til landbruksministeren på fredag skapte den stor begeistring både hos ministeren - og i pressekorpset.

Mange trudde dei drog kjensla på eit gammalt heimebrentapparat, men det var det ikkje. Apparatet skal derimot lage bioenergi av kumøkk.

- Dette er jo eit veldig tidleg stadium, men denne viser at teknologien fungerer. Det er ekstremt opplyftande det vi har sett i dag, uttalte landbruksministeren til NRK Østafjells. Han fastslo også at biogass frå alle norske kyr er nok til å dekkje varmebehovet til 100.000 husstandar.

Energipotensialet i kumøkk har lenge vore kjent for landbruket, men anlegga har ofte vore store, dyre og lite eigna for vanlege gardsbruk. Prototypen Høgskolen i Telemark har utvikla passar også for bønder som driv i mindre skala.

- Anlegget består av ein spesielt effektiv industriell biogassreaktor som kan koplast opp mot noverande gjødsellager på gardsbruk med husdyr, fortel professor Rune Bakke.

- Dette er landbruket sitt svar på REMA 1000, legg Stjernholm til. Han tar Master i Energi og miljøteknologi og skal fullføre hovedoppgave si no i haust.

Under demonstrasjonen understreka landbruksministeren at regjeringa også var oppteke av biogass og lova derfor duoen frå Høgskolen i Telemark kr.100.000 til vidareutvikling av prosjektet.

Ansvarlig for nettsiden Ingvild Gjone Sildnes - 29.08.2007