Full oppslutning om universitetsfond
Det er full oppslutning om eit universitets-/kompetansefond for Telemark. Kommunar, fylkeskommunen, næringslivsrepresentantar saman med høgskolen satsar på å etablere fondet i løpet av året.
- Fondsmøtet 17.01.07, referat (pdf)
- Invitasjonen til fondsmøtet (pdf)
- Introduksjonsskriv til fondsmøtet (pdf)
- På vei mot universitet (utredning, pdf)
Onsdag hadde høgskolen samla desse regionale representantane til samråd i Bø.
Styrking av den godt lokalt forankra Høgskolen i Telemark gjennom å oppnå universitetsstatus, blir vurdert som ein viktig føresetnad for å gje regionen auka vekst og ny utvikling.
350 - 400 millionar
Eit universitets-/kompetansefond vil kunne vere avgjerande finansieringskjelde for universitetssatsinga.
På møtet antyda høgskoledirektør Nils Røttingen at fondet bør vere på 350 - 400 millionar kroner.
- Eg trur regionen rår over dei ressursane som skal til, kommenterte ordførar i Bø, Arne Storhaug.
Det blei også kommentert at 350 - 400 millionar kroner er mindre enn det studentane ved Høgskolen i Telemark legg igjen i regionen kvart år.
Gruppa
Det er nå sett ned ei fondsgruppe som har i oppgåve å foreslå organiseringsform og vedtekter, og å etablere fondet i løpet av 2007.
Fondsgruppa består av fylkesordførar Gunn Marit Helgesen, varaordførar Heidi Hamadi, Skien, ordførar Bjarne Bakken, Notodden, ordførar Øystein Beyer, Porsgrunn, ordførar Arne Vinje, Vinje, regionalbanksjef Trond D. Haukvik, DnB NOR, banksjef Halgeir Kaasa, Bø Sparebank, rektor Dag K. Bjerketvedt, HiT, og høgskoledirektør Nils Røttingen, HiT. I tillegg skal gruppa supplerast med ytterlegare ein representant for næringslivet.
Telemark fylkeskommune har sekretariatsfunksjonen for fondsgruppa.
Ja frå studentleiaren
Også studentleiar Gunhild Skaar Fischer ga full støtte til kompetansesatsinga i høgskolen.
- Å styrke kompetansen ytterlegare vil gi eit enda meir attraktivt fagmiljø og enda meir oppdaterte studentar, sa ho.
Ho peika også på at høgskolens universitetssatsing ikkje må gå ut over dagens undervisning og tilbod til studentane.
Ambisiøst
- 2007 er veldig ambisiøs tidsfrist for etableringa av fondet. Men for ikkje å sakke akterut nå når andre satsar på universitet, må vi samle kreftene i regionen, appellerte fylkesordfører Gunn Marit Helgesen.
Ansvarlig for nettsiden Per Magnus Holtung - 22.01.2007