Klimadiskusjon med Halvorsen på Bali

HiT-studentar på Bali har fått merke klimatoppmøtet til FN i desember. Måndag gjesta finansminister Kristin Halvorsen studiesenteret Jimbaran for å diskutere klimatiltak med studentane. Men studentane var ikkje så nøgde med svara frå ministeren.

Finansministereren i diskusjon med klimastudentar på Bali.
ikon zoom

- Miljøinteresserte studentar er det verda treng for å kome vidare, sa Kristin Halvorsen då ho gjesta studiesenteret Jimbaran før ho drog vidare til FN sin klimakonferanse i Nusa Dua (Foto. Gateway College).

Ex.phil-student Yvonne Aarestrup var ein av dei 100 studentane som deltok på møtet med Halvorsen. Ho synest finansministeren fokuserte for mykje på transport og klimakvotar, og for lite på haldningar.

- Eg trur det er viktig at politikarane også ser på det som ligg til grunn for den klimakrisa vi har i verda i dag, og det ligg mykje i menneskelege haldningar og ting som ligg djupare enn akkurat å setje igjen bilen heime og sykle til jobben, seier Yvonne Aarestrup i nyheitsreportasja på VG-TV.

Ei lita øy
Aarestrup studerer ex.phil med vekt på miljøfilosofi og etikk på Bali. Studiet er eit samarbeid mellom Høgskolen i Telemark og Gateway College, der HiT står for den faglege gjennomføringa. I førre veke hadde studiesenteret gjesting av Bellona-leiar Fredrik Hauge.

- Bali er ei lita øy på storleik med Østfold fylke. Studiestaden Jimbaran er berre ein 10 til 15- minuttars biltur unna konferansen. Studentane får absolutt merke klimakonferansen, fortel informasjonssjef i Gateway College, Siv Tonje Solfjeld.

Bali er førebuing mot 2009
Klimaekspert ved Høgskolen i Telemark, Arne Myhre, følgjer med på klimakonferansen på nettet og understrekar at møtet på Bali er eit førebuingsmøte til FN sin klimakonferanse i København i 2009.

- Vi kan ikkje rekne med noko gjennombrot på Bali. Bali er starten på ein prosess der det blir laga ein slags kjøreplan fram mot København i 2009. I København skal ein erstatte Kyotoavtalen som går ut i 2012. Her er det viktig å få til avtalar med store reduksjonsmål – og å få med i-landa som med sine ein milliard innbyggjarar står for 46% av klimautsleppa, fortel Myhre.

Ansvarlig for nettsiden Ingvild Gjone Sildnes - 14.12.2007