- Lev skrint før jula
- I desember skal det vere skrint for me skal byggje opp forventningane mot jula, seier høgskulelærar i tradisjonsmat Bodil Nordjore. Ho har nett gjeve ut boka ”Bodils heimelaga” som innheld 300 oppskrifter som ein blir skrubbsvolten av å lese.
Suppe og salatar er fornuftig mat i julestria, meiner kokkekunstnar og høgskolelærar Bodil Nordjore.
- Ein gamal norsk tradisjon er å faste i desember. Ein skal tole å leve litt spartansk i denne månaden, seier Nordjore som er utdanna kokk og pedagog og underviser i tradisjonsmat ved Høgskolen i Telemark - Rauland.
Suppe og salatar
Skeimat og supper som ein kan laga om kvelden og varme opp dagen etter er god mat i førejulstida, meiner Nordjore.
– Måltidssuppa og jordeplesuppe (jordeple = potet red.anm) er fornuftige val. Graut, godt pålegg og gode salatar med kjøt oppi er også gode alternativ - men for all del ikkje grandiosa, seier Nordjore - som har fått tilnamnet turbobudeia frå Vinje.
I kvardagen er mor administrasjonssjef både i heim og på jobb derfor skal maten ikkje vere for komplisert. Og særleg i desember kan vi ta det enkelt, det har også barna godt av, meiner Norjorde.
Aure og kling
Men "Bodils heimelaga" legg også opp til rettar som tek lengre tid å lage - ein tolv rettars middag er blant oppskriftene i den fargerike og godt illustrerte boka.
Astrid Riddervoll, Lishild og Anne Bjørgunn og Halvor Heuch er bidragsytarar i boka som er den andre boka Nordjore gir ut. Den fyrste boka ”Bodils fjellmat” blei
trykt i tre opplag
Sjølv om boka handlar om norsk tradisjonsmat har matambassadøren verken ribbe, pinnekjøt eller juletorsk på sitt eige bord på juleftan.
- Heime hos blir det nykokt aure med kling og fiskesuppe til. Vi har spart den beste fjellfisken frå i haust. Den skal etast på juleftan, seier den travle budeia.
NB! Bodil Nordjore ble kåret til årets vesttelemarking i januar 2008.
Ansvarlig for nettsiden Ingvild Gjone Sildnes - 03.01.2008