Litteraturpris til HiT-professor
I jubileumsåret for Halldis Moren Vesaas har professor Eldrid Lunden ved Høgskolen i Telemark motteke den gjeve Halldis Moren Vesaasprisen. Prisen blir delt ut for ellevte gong, og går til ein lyrikar eller gjendiktar som gjennom fleire verk har markert seg med ei særskild stemme i norsk poesi.
HiT professor Eldrid Lunden har nyleg motteke Halldis Moren Vesaasprisen for sitt forfattarskap (Foto: jungforlag).
"Årets Halldis Moren Vesaaspris tildeles en av våre fremste diktere, en lyriker som med stor autoritet og utrettelig engasjement har påvirket vår lesing av poesien, og våre litterære anskuelser gjennom 40 år – intet mindre" heiter det i pressemeldinga frå Norlis bokhandel som har delt ut prisen sia 1995.
Til dagleg underviser Eldrid Lunden på Forfatterstudiet ved Høgskolen i Telemark. I 1996 blei ho utnemnd til Noregs fyrste professor i skrivekunst, same år blei ho nominert til Nordisk Råds litteraturpris.
I pressemeldinga står det at Lunden "har inspirert flere generasjoner lyrikere, og prosaister for den saks skyld, gjennom sitt virke ved forfatterstudiet ved Høgskolen i Telemark".
Halldis Moren Vesaasprisen er ikkje den einaste prisen Lunden har motteke for sitt forfattarskap. Doblougprisen, Melsomprisen, Amalie Skram-prisen, Aschehougprisen og Brages hederspris står også på merittlista.
Lunden mottok prisen i samband med Poetenes aften i Oslo 29. november
Ansvarlig for nettsiden Ingvild Gjone Sildnes - 10.12.2007