Modernisere utdanning på Sri Lanka

Høgskolen i Telemark har fått 2, 4 millionar kroner frå Norad til å videreutvikle eit masterprogram i miljø og industri ved University of Moratuwa på Sri Lanka. – Vi skal bidra med vår kompetanse til å byggje opp kompetansen i sør.

Ansvarleg for internasjonalisering Trine Ellefsen, dekan Ole Ringdal, doktorgradsstudent Puhulwella G. Rathnasiri og professor Rune Bakke då samarbeidsavtalen mellom HIT og University of Moratuwa blei underskriven i 2005.
ikon zoom

Ansvarleg for internasjonalisering Trine Ellefsen, dekan Ole Ringdal, doktorgradsstudent Puhulwella G. Rathnasiri og professor Rune Bakke då samarbeidsavtalen mellom HIT og University of Moratuwa blei underskriven i 2005.

Det fortel Tine Ellefsen som er ansvarleg for internasjonalisering ved Høgskolen i Telemark.

Åtte norske utdanningsinstitusjonar har fått stønad gjennom Senter for internasjonalisering av høgare utdanning (SiU) til å utvikle masterprogram i sør. SiU er underlagt bistandsorganisasjonen Norad. Avtalen mellom Høgskolen i Telemark og University of Moratuwa vil gå over ein periode på 4 år.

Meir lab og simuleringar
Dei tilsette ved universitetet er teoretisk gode, men ønskjer seg meir kunnskap om metodar og moderne dataverkty. - Vi skal ikkje lære meir fag, men metodar, understrekar professor ved avdeling for teknologiske fag, Rune Bakke.

- Universitetet har ein master på eit relatert område som vi skal byggje på med fleire bitar. Vi skal hjelpe dei med å ta i bruk meir avanserte laboratorium og meir simuleringar i undervisninga. Noko av jobben blir også å få til ei tettare kopling mellom utdanning og industri, for det har vi erfaring med.

Prosjektarbeid og miljøorientering vil også bli ein del av faget.

Det vil bli lærarutveksling der Høgskolen i Telemark er til stades og held intensive kurs som seinare blir følgd opp med fjernundervisning.

Studenter frå Sri Lanka
I 2005 inngikk Høgskolen i Telemark og University of Moratuwa ein generell samarbeidsavtale. HiT har allereie utdanna ein doktorgradsstudent frå University of Moratuwa. I tillegg er tre teknologistudentar frå Sri Lanka under utdanning gjennom kvotestipendordninga. Professor Saba Mylvaganam ved HiT er frå Sri Lanka, og har tidlegare studert ved University of Moratuwa.

ikon zoom

University of Moratuwa - flyfoto

 

- Sri Lanka har er fullt på høyde med oss teoretisk. Det har vi erfaring med sidan vi har både gode studentar og professorar her frå Sri Lanka, legg Bakke til.

86 millionar kroner blir fordelte på åtte norske utdanningsinstitusjonar gjennom Norad's Programme for Master Studies.

- Det er stor konkurranse om desse midlane og berre tre høgskular har fått midlar til slike samarbeidsrelasjonar, legg Ellefsen til.

Ansvarlig for nettsiden Ingvild Gjone Sildnes - 05.01.2007