Profesjonell oddssetter i London

Lasse Jensen gjekk frå informatikkstudium ved Høgskolen i Telemark til oddssetter-jobb i eit av Europas største nettspelselskaper, Unibet. Med hovudsete i London set han odds på cupfinalen på Ullevål og femmila i Holmenkollen.

Oddsetter i London
ikon zoom

Gode odds. Lasse Jensen tok informatikkutdanning ved Høgskolen i Telemark. No jobbar han som oddssetter i metropolen London.

– Eg gjer ei prosent- og sannsynleghetsvurdering av for eksempel kven som skal vinne ein fotballkamp eller ein duell mellom to skiskyttarar. Utrekningane gjer eg ved hjelp av statistikk, informasjon, nyheiter og personlege vurderingar, fortel 30-åringen som set odds på mykje av vinter- og sommaridrettane i Skandinavia.

Sjølv er han altetande når det gjeld sport og det skal seiast at han har brukt somme kroner på tippespel i løpet av sitt unge liv, men i ein slik jobb reknast det som god ballast.

To år på Malta
Jensen hugsar godt han sat på Gullbring studentheim i Bø og skreiv jobbsøknaden på det han då så på som drøymejobben. Det var i mai 2002, og han var i ferd med å avslutte studiet i informatikk ved Høgskolen i Telemark.
- Statistikk og sannsynleghetsberekningar har ein viss relevans for jobben såg eg fekk med meg det i søknaden, fortel han. Den sommaren pakka han kofferten og reiste til Malta.

- Eg blei på Malta i to år og jobba i ei slags assistentavdeling for oddssetterane. Jobben på Malta kravde også ein del datakunnskapar.

Våren 2004 rykket han opp til stilling som «oddscompiler» og flytte til Unibets hovudkontor i London. Her jobbar over tretti personar som oddssetterar. Dei går for å vere «hjernen» i selskapet, som har meir enn ein million nettspelarar over heile verda.

Nattorientering og Halloween
Som student ved Høgskolen i Telemark naut han godt av det sportslege tilbodet, hugsar han. Han spelte fotball og innebandy – og deltok på Nattorientering på hausten.

Et anna godt minne frå studietida er Halloween-feiringa. Feiringa forgikk i eit avsidesliggjande hus i Bergenveien der han budde saman med to kameratar fyrste året. Men han har ikkje berre gode minne frå studietida.

- Eg låg to månader sjuk med vasskoppar i sesongoppkøyringa med Ulefoss. Det var ein katastrofe, minnest den gamle studenten.

Ansvarlig for nettsiden Ingvild Gjone Sildnes - 28.03.2007