Samling om universitetsfond for Telemark
Etablering av eit universitets-/kompetansefond for Telemark er målet onsdag når høgskolen og toppleiinga i fylkeskommunen, kommunane i Telemark og leiarar i blant anna finansnæringa i regionen møtest til samråd i Bø.
Med eit regionalt fond i ryggen aukar Høgskolen i Telemark sjansane for å kunne endre namn til universitet innan 2013
Høgskolen i Telemark har som mål å oppnå universitetsstatus innan 2013.
- Onsdag kan bli ein merkedag for Telemark som kompetansefylke, seier både rektor Dag K. Bjerketvedt og høgskoledirektør Nils Røttingen ved Høgskolen i Telemark.
Dei legg til at dette kan bli eit avgjerande løft for høgre utdanning og forsking i fylket.
Viktig finansieringsgrunnlag
Eit universitets-/kompetansefond vil vere ei sentral finansieringskjelde for den faglege styrkinga høgskolen treng når den nå skal etablere dei fire doktorgradsutdanningane som krevst for å bli universitet.
Tilsvarande fond er også viktig finansieringsgrunnlag for universitetsprosjekta i Stavanger, Agder og Hedmark/Oppland. Staten gir ikkje drahjelp til universitetsetableringane.
Desse fonda er uavhengige av den respektive høgskolen eller universitetet, og støttar primært universitetssatsinga, men også anna kompetansebyggjande verksemd på høgt nivå til nytte for regionen.
Innan utgangen av 2007
I møtet onsdag er målet i første omgang å etablere ei fondsgruppe med representantar for både fylkeskommunen, kommunane i Telemark og finansnæringa i fylket. Gruppa vil truleg få i oppdrag å etablere fondet innan utgangen av 2007.
- Universitetsetablering i Telemark er eit stort felles løft for høgskolen og for regionen. Gjennom klare interne omprioriteringer har Høgskolen i Telemark på si side alt tatt viktige steg på vegen mot universitet, påpeikar dei to toppleiarane i høgskolen.
Til nytte for regionen
Bakgrunnen for universitetssatsinga er at arbeids- og næringslivet blir stadig meir kunnskapsintensivt.
Styrking av den godt lokalt forankra Høgskolen i Telemark gjennom å oppnå universitetsstatus, blir vurdert som ein viktig føresetnad for å gje regionen auka vekst og ny utvikling.
Ansvarlig for nettsiden Per Magnus Holtung - 16.01.2007