Startskotet for to studentveker
- Siste ordentlege UKA på Notodden var for tre år sidan. Notodden er ein større by enn Bø så kvifor skal ikkje vi også få det til? spør leiar av studentveka på Notodden Wiggo Pedersen Evensen. UKA i Grenland har også lege i dvale i nokre år, men torsdag 22. mars bryt det laus.
UKA i Grenland har lege i dvale i noen år, men torsdag 22. mars bryt det laus. Her er UKA-styret i Grenland med f.v. Kristin Venås, Kari Bergerud, Hilde Thomassen og leiar Morten Messelt. Bak f.v. Christer Brekke og Jørgen Lysøbakk.
Fredag 16. mars går startskotet for studentveka på Notodden som varer fram til 24. mars.
UKA-leiaren meiner årets studentveke dekkjer alle musikksjangrar bortsett frå Hip-Hop.
Vidar Busk og Rumble in Rhodos
- Vi satsar på å få med dei lokale når Vidar Busk speler no på fredag. For dei som liker det litt hardt så skal Rumble in Rhodos spele laurdag. Det blir bra Stand Up med Terje Sporsem og Sigrid Bonde Tusvik på onsdag. Dessutan er Rockettothesky veldig fin musikk, fortel Evensen som delar leiar-vervet med Marit Tunestveit Dyre.
I tillegg til ei rekkje konsertar vil det bli kåring av UKA-kunstnarar, gudsteneste, nattcup og fotomaraton. Det heile blir avslutta med Åpen Dør i slutten av veka der det blir utstillingar med studentarbeid, foredrag, moteshow og mykje anna.
Fire år sidan UKA i Grenland
UKA-styret ved studiestad Porsgrunn tel ti personar. Dei har jobba med årets program sidan mai 06. UKA i Grenland blei sist arrangert i 2003. På grunn av budsjettunderskot har studentane ikkje drista seg i å arrangere ei ny studentveke - før no.
- Vi har som målsetjing at UKA skal bli ein tradisjonell happening for studentar i Grenland. Økonomisk har vi forventning om eit overskot og vi har fått gode og solide samarbeidspartnarar, fortel UKA-leiar Morten Messelt som også er oppteken av at studentane ikkje skal lide økonomisk under veka.
- Du kan få med deg heile UKA for 400 kroner. Vi har pressa prisane ned til beinet. Vi har lyst at det skal kome folk og at det skal bli ein positiv oppleving, fortel han.
Tettpakka program
Skidag i Svarstad torsdag med "etterrski" på studenthuset Elverhøy er fyrste post på programmet. Fredag er den offisiell opninga av UKA i Grenland, det skjer i kantina Henrikke. Seinare på dagen blir det foredrag med globetrotterane i Eventyrlig Seilas. Fredag er den konserten med Rockettothesky og på laurdagen står The Lionhearts Brothers på scena på Porsgrunn Rockeklubb. Det blir også kortfilmkonkurranse, yogakurs, og innebandyturnering.
- Vi er opptekne at det skal vere eit kompakt program og det syntes eg at vi har fått til, legg UKA-leiaren i Grenland fornøgd til.
Ansvarlig for nettsiden Ingvild Gjone Sildnes - 18.03.2007