Studiestart med blues og barn

Drivande blues - sjølvsagt - og imponerande dramasekvens, velkomsttalar og kor med 30 barnehagebarn markerte måndag starten på studieåret 2007-2008 ved Høgskolen i Telemark.

(Bilde) Eit kor med 30 barnehagebarn ga ei mjuk og sjarmerande avsrunding av den offisielle opninga av studieåret ved Høgskolen i Telemark
ikon zoom

Eit kor med 30 barnehagebarn ga ei mjuk og sjarmerande avsrunding av den offisielle opninga av studieåret ved Høgskolen i Telemark

Den felles markeringa av studiestarten ambulerer mellom dei tre største studiestadene.

I år var starten lagt til Notodden - Europas blueshovudstad. Bluesmusikaren Trond Ytterbø opna arrangementet og viste kvifor Notodden har dette omdømmet.

- Open og inkluderande
Rektor Dag K. Bjerketvedt ønskte dei nye studentane velkomen, og la vekt på at profesjonsutdanningane vil vere sentrale når høgskolen nå arbeider med å heve kompetansen til universitetsstatus.

- Både i det vidare arbeidet med å bli universitet, og som universitet, vil vi ivareta det opne, inkluderande læringsmiljøet vi er kjent for, understreka han.

Kompetansefylke
Universitetsstatus og læraryrket som sentral posisjon for framtida var hovudpunkt i velkomstalen frå ein engasjert fylkesordførar Gunn Marit Helgesen.

Studiestaden Notodden er hovudbasen for allmenn-, førskole- og faglærarutdanningane i høgskolen.

- Vi i fylkeskommunen ønskjer på same måte som høgskolen å gjere Telemark til eit kompetansefylke. Læreren er ein viktig katalysator for barn og unges utvikling.

Høg status for læraryrket
- I internasjonale samanlikningar skårer norske skolebarn lågare i fagkunnskap enn nabolanda. Finland er på topp. Noko av grunnen er at læraryrket der både har høg status og mastergrad inkludert i utdanninga.

- Men Norge skårer høgast på trivsel i skolen. Og trivsel er viktig for læring. Det bør vi utnytte når vi nå gjennom Kunnskapsløftet også satsar meir på fag i grunnskolen, sa Gunn Marit Helgesen.

Kom an, ketsjup
Dei nye studentane fekk også sjå litt av det det som studentane på årstrinna før dei presterer.

Ei dramagruppe av andreårsstudentar på faglærerutdanning i praktiske og estetiske fag ga med sitt eige stykke "Kom an, ketsjup" ei imponerande og munter framføring av lagnaden til tre tomater.

Ei mjuk og sjarmerande avslutning med entusiastisk korsang sto 30 barnehagebarn for. Dekan Lise Wiik leia opningsarrangementet.

Separate opningsarrangement
Ved sida av den felles opninga på Notodden, var det seinare på måndagen separate opningsarrangement ved studiestadene Bø og Porsgrunn.

I Drammen er det felles opning for alle årstrinn tysdag, og Rauland startar studieåret onsdag.

Ansvarlig for nettsiden Per Magnus Holtung, sist oppdatert av  - 22.08.2007