175 færre førsteprioritetssøkjarar

Høgskolen i Telemark har ein nedgang på 175 søkjarar i forhold til i fjor. Hovudårsaka er at det nå "bare" er 172 søkjarar til dei 40 plassane på det treårige eigedomsmeklarstudiet. Dei nye studietilboda i HiT er blant vinnarane.

(Bilde:) Mari Helle Hegna, Mette Venheim og Mari Helen Varøy ved opptakskontoret i HiT kan presentere god søkjartal.
ikon zoom

Mari Helle Hegna (t.v.), Mette Venheim og Mari Helen Varøy ved opptakskontoret i HiT presenterer gode søkjartal for 2008.

I dag hadde Samordna opptak - SO - søknadstalla for 2008 klare.

Totalt er det 2285 søkjarar gjennom SO som har eit grunnstudium ved HiT som førsteprioritet på den nettbaserte søkjarlista si.

Samtidig går den totale søkjarmengda i SO opp, slik at HiTs marknadsandel går ned frå 2,66% i fjor til 2,43% i år.

Normalisering

Høgskolen i Telemark fekk stor mediemerksemd da den i fjor braut BIs monopol på å utdanne eigedomsmeklarar. Det ga over 370 førsteprioritetssøkjarar til det nye bachelorstudiet. I år er også solid søkning, men på eit meir normalt nivå etter fjorårets oppdemde behov.

I tillegg er det i år ikkje opptak til det fireårige vernepleiarstudiet på deltid i Horten. Der var det i fjor 120 søkjarar

Auke på mange studium

Likevel er leiinga ved høgskolen svært nøgd med opptakstalla.

- På mange av dei andre studia er det i år auke i talet på søkjarar. Også for Telemark betyr studenttallet mykje. I gjennomsnitt legg kvar student igjen 85 000 kroner i året i regionen, seier rektor Dag K. Bjerketvedt.

Nye studium treff marknaden

Årets nye studietilbod har slått godt an:

  • Form og design, årsstudium (18)
  • Digital mediedesign, nettbasert, årsstudium (45)
  • Formgiving, kunst og håndverk, master, nettbasert (75)
  • Informatikk, årsstudium, Porsgrunn (16)

Stabilt for lærarutdanningane

Lærerutdanningane har stabil, men fortsatt svak søkning. Allmennlærerutdanninga på Notodden har 25 søkjarar, omtrent som i fjor. Også det parallelle tilbodet i Porsgrunn ligg på line med fjoråret med 75 søkjarar.

Faglærerutdanningene går tilbake.

Fortsatt opp for førskole

Førskolelærarutdanningane i HiT fortsetter dei siste åras stabile vekst. Både størst vekst og størst totaltal har tilbodet i Drammen med 114 førsteprioritetssøkjarar.

Det er fortsatt fleire søkjarar enn studieplassar til helse- og sosialfaga, men søkertalla går ned, spesielt på vidareutdanningane.

Også for folkekulturstudia Rauland fortsetter nedgangen i søkjartall.

Løft for informatikk

HiT har svak stigning i søkertalla for natur- og miljøstudia og økonomi og administrasjon. Søkninga til idrettsstudiene er stabil.

Nytt parallellt tilbod i Porsgrunn av årsstudiet - i tillegg til tilbodet ved hovudbasen i Bø - er med på å gi eit etterlengta løft for informatikkstudia.

Utanlandske søkjarar til teknologi

Ingeniørutdanningene har ein svak nedgang i forhold til 2007, som var eit svært godt år.

Dei nye Y-vei-ordningane - opptak til fullverdig ingenørutdanning på basis av fagbrev - held sine gode søkjartall.

Det er svært bra søkning til dei tre masterstudia i teknologi som blir underviste på engelsk, særleg frå utanlandske søkjarar.

NTNU aukar mest

På landsbasis har NTNU størst framgang både totalt og i marknadsandel, medan Universitetet i Oslo har tilsvarande størst tilbakegang.

Ansvarlig for nettsiden Per Magnus Holtung, sist oppdatert av  - 24.04.2008