Blant dei mest fagleg synlege på web
Høgskolen i Telemark er blitt rangert som nummer sju blant utdanningsinstitusjonane i landet når det kjem til publisering av fagleg innhald på web. Det konkluderer den internasjonalen Webometrics-rangeringa som har vurdert 14876 høgare utdanningsinstitusjonar over heile verda.
Høgskolen i Telemark si faglege verksemd er svært synleg på web viser den internasjonalen Webometrics- kåringa.
14 876 høgare utdanningsinstitusjonar spredd over fem verdsdelar er blitt vurdert.
Høgskolen i Telemark kjem på 986. plass, men blant landet sine 40 universitet og høgskular blir Høgskolen i Telemark rangert som nummer 7.
Det er ei forskargruppe tilknytt det Spanske forskingsråd som har gjennomført kåringa som blir rekna for å vere svært solid.
Må vere synleg for å ha ei rolle
Professor ved Universitetet i Bergen og eksternt styremedlem i HiT-styret, Rune Nilsen, er ein forkjempar for å gjere forskingsresultat allment tilgjengeleg - også på nett.
Han synest HiT skal vere stolt av plasseringa, men understrekar at slike målingar er berre i startgropa og no gjeld det å hengje med.
- Webmålingar er heilt i byrjinga - det er derfor viktige å vere ute i tide. Her ligg det eit potensial framover. Det er også viktig å skape ein kultur hos tilsette for å ville synast i webverda, seier Nilsen.
Han foreslår å setje alle fagtilsette til å skrive ein artikkel om noko dei kan på Wikipedia og binde den til høgskulen sine nettsider. I jobbeskrivet bør synleggjering av arbeid vere eit krav til den enkelte.
- Skal ein bli lest, så må ein leggje ut alle akademiske publikasjonar på Teora. Det er viktig å synast internasjonalt og også ovanfor dei som måler oss. Er vi ikkje synlege, så er vi heller ikkje attraktive for potensielle tilsette eller studentar, fortel professoren entusiastisk.
Metoden
Kriterium Webometrics-rangeringa legg til grunn for å måle kor fagleg synleg institusjonen er på nettet:
1. Forskargruppa legg 50% vekt på kor synleg og aktiv institusjonen er utanfor eigne nettsider, det vil seie kor mange eksterne nettsider med lenkjer til innhald eller nettsider der webadressa sluttar på hit.no.
2. Dei legg 15% vekt på kor mange filer (ps .ps, .pdf, .doc eller .ppt-filer) institusjonen har ope tilgjengeleg.
3. 15% vekt blir lagd på fagstoff slik Høgskolen i Telemark har gjort med det opne forskingsarkivet, Teora.
4. Dei resterande 20% tel mengda nettsider institusjonen har. Der bruker undersøkinga gjennomsnittet av resultantane på dei fire søkjarmotorane Google, Yahoo, Live Search og Exalead.
Ønskjer større tilgang på nett
Målet med rangeringa er å oppmuntre til web-publisering av fagleg stoff, å støtte Open Access- initiativ og elektronisk tilgang til forskingspublikasjonar og anna akademisk materiale.
1800 kurs på nett
Det amerikanske prestisjeuniversitetet Massachusetts Institute of Technology ( MIT) toppa rangeringa.
MIT er kjend for å leggje mykje av det faglege materialet ut på nett. Dei har over 1800 kurs lagt ut i sin heilskap. På nettsida gjer dei tilgang til videoar og lydopptak av forelesingar, notat, oppgåver og utskrifter av foredrag.
I Europa er det Swiss Federal Institute of Technology som toppar rangeringa. Blant dei norske institusjonane er det Universitetet i Oslo og NTNU som ligg på topp.
Ansvarlig for nettsiden Ingvild Gjone Sildnes - 17.09.2008