Første samling for studentbedriftene

Høgskolen i Telemark har lang tradisjon i å gjere det godt i studentbedrift. Denne veka var årets studentbedrifter samla på studiestad Porsgrunn og mange gode idéar så dagens lys for første gong.

HiT - studentar som driver studentbedrift i 2009.
ikon zoom

HiT - studentar med eigen studentbedrift hadde sin første samling denne uka. HiT har 8 studentbedrifter i år.

Studentbedrifter ved Høgskolen i Telemark 2009

Bright smile SB
Ninus SB
Flexicase
Safe Step SB
Smartlight SB
Sourdough pittsa SB
Spira SB
Studenthjelpen SB
Tasta Trygt SB
360 innovator SB

Framleis står det att mykje jobb som å vidareutvikle både produkt og forretningsplanar, lage prototypar og nettsider og inngå samarbeid med sponsorar. Dette skal studentbedriftene arbeide med fram mot fylkesmeisterskapen 26. februar.

Frå tannbørsteskap til trådlaus utelys-styring
Men utgangspunktet var svært godt, og det var også ein førebudd gjeng som presenterte ideane sine. Ny og betre potetgullemballasje, tannbørsteskap med reinsing av bakteriar, drillhaldar som sikrar og effektiviserer kvardagen til ein elektrikar, trådlaus styring av utelys og marknadsføringsteneste for økologiske produkt var nokre av studentbedriftene.

Dei fem studentbedriftene Safe Step, Bright smile, Ninus, Spira og Smartlight hadde alle ein studentbedriftspresentasjon på 10 minutt og tok velvillig imot spørsmål frå salen. Kva marknadspotensial har produktet? Kven skal det samarbeide med for å få produktet ut til kunden? Kva konkurrentar har produktet? - Salen stilte spørsmål og studentane svara etter beste evne.

10 studentbedrifter
I år stiller studiestad Notodden med tre studentbedrifter. Studentane frå Notodden går alle på studiet visuelle kunstfag og design andre året, og har studentbedrift som ein obligatorisk del av studiet. I tillegg har studiestad Porsgrunn to studentbedrifter - begge med ingeniørstudentar, Y-vei. Studiestad Bø var ikkje tilstades under presentasjonen, men stiller i år med fem studentbedrifter der alle er innovasjon og entreprenørskap - studentar.

Lang merittliste
Høgskolen i Telemark starta med prosjekt studentbedrift i 2005. Dei fire siste åra har Høgskolen i Telemark gjort det svært godt i konkurransar og meisterskap. HiT- studentar har blitt Noregsmeistrar tre år på rad (Teach -05, RegTek -06 og Punch-07), Europameister i juli 2006 (Flush SB) og 3.plass i Europameisterskapet i juni 2008 (Heyra SB).

 

 

Ansvarlig for nettsiden Ingvild Gjone Sildnes - 12.12.2008