Forskings- og utdanningsminister Tora Aasland til HiT

Morgondagens lærarutdanning og Stjernøutvalets utgreiing er to av dei svært aktuelle tema når statsråd Tora Aasland i Kunnskapsdepartementet i dag besøkjer Høgskolen i Telemark.

(bilde) Tora Aasland
ikon zoom

Saman med sin statssekretær Kyrre Lekve besøker statsråd Tora Aasland i dag Høgskolen i Telemark.

Ministeren for forsking og høgre utdanning møter både studenttillitsvalde, tillitsvalde for dei tilsette, medlemer av styret og høgskolens leiargruppe.

Den framtidige utforminga av lærarutdanninga, eventuelt som bachelor- og mastergrad, er nå under vurdering. Etter planen skal det rundt årsskiftet 2008 - 2009 bli lagt fram ei stortingsmelding om læararrollen. Dette blir eit sentralt tema under møtet med høgskoleleiinga.

– Frå fleire hald blir det peika på at lærarutdanninga har klare veikskapar. Dette tar vi alvorleg, og det er nødvendig med en eiga stortingsmelding om temaet sjølv om dette vil vere den tredje gjennomgangen av utdanninga på ti år. Forslaga vi kjem fram til i stortingsmeldinga, håper vi også kan bidra til auka rekruttering til utdanninga og mindre fråfall frå yrket, sa statsråd Tora Aasland tidlegare i år.

Stjernøutvalets forslag om mellom anna samanslåing av høgskolar til større einingar har utløyst stort engasjement i heile universitets- og høgskolesektoren. Høyringsfristen er nå ute, og svara generelt frå sektoren tyder på at det er lite ønske om å endre dagens struktur.

På besøket til Høgskolen i Telemark har Tora Aasland med seg politisk rådgjevar Kyrre Lekve.

Ansvarlig for nettsiden Per Magnus Holtung - 10.06.2008