Hydrogenbilen på Schrödingers katt

Før jul hadde HiT-professor Dag Bjerketvedt med seg eit tv-team frå NRK på tur med høgskolen sin hydrogenbil. Sjå reportasjen frå Schrödingers katt torsdag 17. januar her.

Professor Dag Bjerketvedt tankar hydrogen på Herøya.
ikon zoom

Professor i gass og energi ved Høgskolen i Telemark Dag Bjerketvedt (t.h) skal demonstrere høgskolen sin hydrogenbil på Scrødingers katt torsdag 17. januar. Her tankar han bilen på fyllestasjonen på Herøya.

- Det var veldig lærerikt og artig å vere med på, men også veldig slitsamt, fortel professor i gass og energi, Dag Bjerketvedt. Han hadde sett av to dagar til innslaget som inngår i programserien ”alternativ energi”. At det tek lang tid å lage fjernsyn er det ingen tvil om.

Det var høgskolen sin miljøbil som ble testa og det skjedde på strekninga Porsgrunn-Oslo. Målet for turen var Rådhusplassen i Oslo. Hydrogenbilen kan køyre 20 mil på full tank. Sidan det ikkje er fyllestasjon i Oslo, måtte bilen fraktas heim igjen på tilhengar.

Under opptaket oppstod det nokon hindringar undervegs. Kva slags hindringar vil verken Scrødingers katt - journalist Chris Weløy eller Bjerketvedt avsløre.

- Kva konklusjonen vår blei vil eg ikkje avsløre, seier Weløy som synes dei hadde ein artig tur til Oslo.

Tv-teamet tok også turen til Rafnes kor det blei demonstrert korleis hydrogen kontra bensin brenn.

Schrödingers katt er eit populærvitskapleg program med sendetid på NRK1 kvar torsdag kl.19.30. Sendinga sist veke hadde 579.000 sjåarar.

Null utslipp
Høgskulen i Telemark gjekk til framskaffing av hydrogenbilen sommaren 2007. Det unike med bilen er at den går på energi frå ein fornybar ressurs og avgir ingen skadelege utslipp til naturen. Bilen blir brukt til transport mellom studiestadene, til studentoppgåver og markedsføre Høgskolen i Telemark som ein grøn høgskule.

Ansvarlig for nettsiden Ingvild Gjone Sildnes - 18.01.2008