HiT-studentar er svært populære

Studentane innan teknologiske fag ved Høgskolen i Telemark er blant dei mest ettertrakta i landet. Bare studentane ved Universitetet i Stavanger får fleire jobbtilbod frå næringslivet i løpet av studietida.

(bilde) Under Karrieredagene 2008 var det tett med bedrifter som forsøkte å lokke HiT-studenter til ledige jobbar.
ikon zoom

Under Karrieredagene 2008 var det tett med bedrifter som forsøkte å lokke HiT-studenter til ledige jobbar

I ei studentundersøking presentert i Teknisk Ukeblad har 5200 studentar i heile Norge svart på spørsmåla. Dei aller fleste av desse er studentmedlemmer i Nito og Tekna.

Nest flest
Utanom teknologistudentane i oljebyen Stavanger, er det studentane ved Høgskolen i Telemark som får flest jobbtilbod.

Også studentane ved Høgskolen i Hedmark er interessante for arbeidsgjevarar på jakt etter flinke folk. Overraskande er det at NTNU ligg eit godt stykke ned på lista.

Etter Høgskolen i Telemark følgjer Universitetet i Agder og private NITH.

Godt rusta
Dekan ved Avdeling for teknologiske fag ved Høgskolen i Telemark, Ole Ringdal, trur også at satsinga på Y-veien - fullverdig treårig ingeniørutdanning for personer med fagbrev - er del av årsaken til at HiT-studentane er så etterspurde.

- Desse studentane tar praksis med seg inn i studia, og er godt rusta for arbeidslivet, seier han til Telemarksavisa.

-Vi ligg ikkje i ein oljehovudstad, slik som Stavanger. Og vi har ikkje ein like varm arbeidsmarknad. Likevel ser vi at våre olje- og gasstudenter er svært attraktive, legg han til.

Gjennomsnittleg
I undersøkinga er studentane også spurde om kva dei synest om studiemiljø og kvalitet ved sin eigen studiestad. Her er det små skilnader, og Høgskolen i Telemark ligg omtrent midt på resultatlista.

Ansvarlig for nettsiden Per Magnus Holtung - 15.04.2008