Skal verkeleggjere universitetsambisjonane
Olav Risholt har fått jobben med å utvikle Høgskolen i Telemark til å bli eit universitet. Prosjektdirektøren ser på universitetsplanane som eit viktig prosjekt ikkje berre for høgskulen, men også for regionen og menneska som bur i Telemark.
Olav Risholt er tilsett som prosjektdirektør for universitetssatsinga ved Høgskolen i Telemark. Det er den fyrste stillinga knytt til høgskulens veg mot universitet i 2013.
- Eg er oppteken av regional utvikling, og tanken på å vidareutvikle Høgskolen i Telemark som den regionale utviklingsaktøren vi er, gav meg lyst til å søkje på stillinga, fortel Risholt.
44- åringen er utdanna naturforvaltar frå Universitetet for miljø- og biovitskap på Ås. Han har jobba 7 år som byutviklingssjef i Skien kommune og dei siste to åra som plansjef for Klosterøya. Han har også jobba som miljøvernrådgjevar i Narvik kommune og i Noregs vassdrags- og energidirektorat og Statens forureiningstilsyn.
Ha med seg organisasjonen
Risholt har brukt noko av den fyrste tida som prosjektdirektør på å tileigne seg kunnskap om høgskulen. Han har gjesta avdelingane for å snakke med folk i organisasjonen og håpar at dei som brenn for universitetsprosjektet både på høgskulen og utanfor, tek kontakt med han. Han er oppteken av at dersom man skal lukkast med å nå eit så stort mål, må ein ha organisasjonen med seg.
Oppbygging av eit universitetsfond står sentralt i universitetssatsinga. Totalt har fondet fått inn 10,1 millionar kroner frå eksterne bidragsytarar. Målet er å byggje opp eit fond på nærare 200 millionar kroner.
- Dette er ein krevjande jobb. Vi kan lukkast dersom vi mobiliserer engasjement internt og ikkje minst eksternt blant tonegjevande offentlege og private aktørar, meiner Risholt.
U13
Høgskolen i Telemark har ambisjon om å bli universitet i 2013 - anten aleine eller saman med andre. For å oppnå universitetsstatus krevst det mellom anna minimum fire doktorgradsutdanningar. Til våren får HiT svar frå NOKUT på om den fyrste doktorgraden i prosess-, energi- og automatiseringsteknikk blir godteke.
Ansvarlig for nettsiden Ingvild Gjone Sildnes - 05.12.2008